Hopp til innhold

Lege nekta straffskuld for bildrap

FJORDANE TINGRETT (NRK.no): Den 44 år gamle danske vikarlegen nekta straffskuld for aktlaust bildrap då saka mot han starta i Fjordane tingrett måndag.

Politiadvokat Erling Melvær og forsvarar Paul Inge Angelshaug.

RETTSSAK: Politiadvokat Erling Melvær i samtale med forsvarar Paul Inge Angelshaug.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen står tiltalt for å ha køyrt bil i minst 125 km/t, påverka av berusande og bedøvande midlar.

Då aktor Erling Melvær leste opp dei fire tiltalepunkta, nekta legen straffskuld på alle punkt.

– Det er også fordi han så langt har hatt problem med å gjengi stort frå ulukka. Han er også interessert i å få klarheit i kva som skjedde, seier forsvarer Paul Inge Angelshaug.

Kom frå nattevakt

Dei sentrale spørsmåla retten må ta stilling til er om legen var under påverknad, kva fart han hadde og kvar samanstøyten skjedde. Politiet meiner ulukka skjedde på den avdøde si side av vegen.

Mannen var ferdig på vakt klokka 09, og var på veg heim frå nattevakt ved legevakta i Eid då han krasja med ein møtande bil 28. mars i fjor. Bilen vart ført av ei seksbornsmor, som omkom i ulukka.

Passasjeren i bilen hennar kom lettare til skade i ulukka. Sjølv vart legen alvorleg skadd og måtte bruke krykke då han kom til Fjordane tingrett.

Det er sett av fem dagar til rettssaka, og det skal førast 14 vitne. Tysdag blir det lagt opp til synfaring på ulukkesstaden. To av borna til den omkomne kvinna følgjer rettssaka.