Hopp til innhold

Ny vikarlege ved legevakt i Nordfjord mistenkt for rusbruk på jobb

Fylkeslegen har opna tilsynssak mot endå ein vikarlege ved legevakta i Nordfjord. Legen er mistenkt for rusmisbruk.

Nordfjord sjukehus

RUSA: Dei andre tilsette mistenkte at vikarlegen var rusa på jobb og melde ifrå.

Foto: Nyhetsspiller

Dette er den andre tilsynssaka mot vikarlegar i Nordfjord i løpet av kort tid, i begge tilfella er det mistanke om rusmisbruk.

– Dei forholda som var beskrivne var så alvorlege at vi måtte sende saka vidare til Statens helsetilsyn, seier assisterande fylkeslege, Jacob Andersen.

Er tiltalt for bildrap

I januar i år vart det oppretta tilsynssak mot ein ny vikarlege ved legevakta i Nordfjord.

Årsaka er mistanke om rusmisbruk på jobb. Berre ti månader tidlegare skal ein dansk vikarlege ha vore påverka av medikament då han kolliderte på Bryggja med ein møtande bil på veg heim frå vakt i Eid. Ei 49 år gammal polsk seksbarnsmor omkom i kollisjonen.

Mannen står no tiltalt for bildrap. Saka skulle opp i Fjordane tingrett førre veke, men er utsett til hausten då ein av dei sakkunnige har vorte sjuk.

Begge dei to vikarlegane er tilsette gjennom det danske vikarbyrået Transmedica-Nordvik, som opererer i heile Norden.

Andersen seier dei ikkje har høve til å kontrollere rutinane til vikarbyrå.

– Vikarbyrå er ein privat aktør. Vi har ikkje heimel til å gå inn og opne tilsyn mot eit vikarbyrå, seier Andersen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trafikkulukke på riksveg 15 ved Bryggja.

OMKOM: Ei polsk seksbarnsmor omkom i ulykka på Bryggja i mars 2013. No må ein dansk lege møte i retten, tiltalt for bildrap.

Foto: Bjarne Eldevik

Tilsette sa ifrå om mistanken

Kommunalsjef i Eid og prosjektleiar for den interkommunale legevaktordninga i Nordfjord, Rune Engeseth, bekreftar situasjonen.

Han fortel at det var tilsette ved legevakta som melde frå om mistanken, og at legen vart teken ut av stilling med ein gong. Deretter melde dei inn saka til fylkeslegen.

– Rusbruk blant helsepersonell dukkar opp av og til, ikkje berre blant legar. Når vi finn ut av slikt, tek vi vedkommande ut av stilling med ein gong og melder frå til fylkeslege, seier Engeseth.

Han kjenner ikkje til andre tilfelle ved legevakta i Nordfjord, enn dei to tilfella som allereie er kjende.

– Sjølvsagt gjer vi alt vi kan for å unngå at slikt kan skje, men då er vi avhengige av at nokon oppdagar det. Vi ville aldri tilsett nokon med rusproblem dersom vi visste om det på førehand, seier Engeseth.

Treng ikkje seie noko om rutinane

Ifølgje Andersen er det berre dei to legane det er opna tilsyn mot, og ikkje mot legevaktordninga i seg sjølv. Han seier at tilsyna ikkje nødvendigvis seier noko om rutinane ved legevakta.

– Dette er tilfelle som dukkar opp overalt i landet. At ei legevakt har hatt to tilfelle, gir ikkje noko spesifikk kunnskap om den legevakta har gode eller dårlege rutinar, seier Andersen.

– Så det er heilt tilfeldig?

– Eg kan ikkje svare på om det er tilfeldig. Men skal ein konkludere i ei slik retning, må ein ha langt fleire tal på bordet enn kva ein har her, seier Andersen.

Har vore færre enn fem tilfelle

Han fortel at dei til no i år har hatt under fem saker som har omhandla mistanke om rusbruk blant legar, men han ønskjer ikkje komme med eit konkret tal.

Ifølgje Andersen var det i 2013 sju legar på landsbasis som mista autorisasjonen sin på grunn av rusbruk.

Så vidt Andersen kjenner til, er ingen av sakene i sogn og Fjordane i år avklara. Den nyaste saka kom til fylkeslegen i slutten av januar 2014.

Helsetilsynet ønskjer ikkje å kommentere den nye tilsynssaka før den er ferdig vurdert.