NRK Meny
Normal

Lege fryktar at ikkje alle skal få vaksinen tidsnok

Årets influensavaksine er forseinka. Kommuneoverlege Arne Bjørnetun i Naustdal fryktar influensasesongen skal starte før han får vaksinert pasientane sine, og vaksinen får effekt.

Influensavaksine

SEINT UTE: Det er dyrkingsproblem hos produsentane som er årsaka til at årets influensavaksine er etter rute.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Det er den eine produsenten av influensavaksinen Vaxigrip som ikkje har klart å levere varene tidsnok, opplyser Folkehelseinstituttet.

Britt Wolden, Folkehelseinstituttet

BEKLAGAR: Avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet, Britt Wolden, seier at årets influensavaksine er kring to veker forseinka.

– Store deler av vaksinen kom forseinka frå leverandøren. Vi fekk vaksinen langt seinare enn det vi hadde planlagt for. Vi har to produsentar, og det var den eine som ikkje klarte å halde avtalen vi hadde om når den skulle leverast, forklarar avdelingsdirektør i vaksineavdelinga i Folkehelseinstituttet, Britt Wolden.

Dette fryktar legen

Ho fortel at årets vaksinering er kring to veker forseinka. I løpet av oktober skal alle landets kommunar ha fått vaksinen.

Kommuneoverlege Arne Bjørnetun i Naustdal.

UROA: Kommuneoverlege i Naustdal, Arne Bjørnetun.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Dette har fått kommuneoverlege i Naustdal, Arne Bjørnetun, å verte uroa. Sjølv om alle kommunar i Sogn og Fjordane får vaksinen i dag og i morgon, er frykta hans at utsette personar ikkje skal få vaksinen tidsnok.

– Frykta mi er at personar med svekka immunforsvar og kroniske sjukdommar ikkje skal få vaksinen tidsnok før epidemien kjem. Dei er sårbare for influensa og komplikasjonar som kan følgje sjukdommen, seier han.

– Dårleg informasjon

Bjørnetun etterlyser også betre informasjon frå Folkehelseinstituttet.

– Det er viktig at det kjem rask og rett informasjon til kommunane, slik at vi veit kva vi skal seie til pasientar som spør etter vaksinen. Mange har spurt, og er frustrerte over situasjonen.

Wolden i Folkehelseinistituttet beklagar situasjonen, og seier ho forstår frustrasjonen til både legar og pasientar.

– Eg forstår frykta til legane. Vi har ein situasjon som vi absolutt ikkje ønskjer, men som oppstår av og til. Vi gjer vårt ytterste for å få distribuert vaksinen raskt.

Kjem først til byane

Ho seier at vaksinen av praktiske årsaker først vert distribuert til byane og meir tettbygde strok. Wolden meiner konsekvensane av forseinkinga ikkje skal bil alvorlege.

– Vi veit ikkje når influensasesongen kjem. Og så tek det kring to veker før vaksinen har effekt. Men så langt eg kjenner til, har ikkje influensaen nådd oss, så det er store sjansar for at det vil halde for dei som ikkje får vaksinen i neste veke, seier ho.

– Tek det på alvor

Wolden seier dei likevel tek slike tilbakemeldingar på alvor.

– Vi kan ikkje påverke tidspunktet for når vi får vaksinen frå leverandøren vår. Vi masar det vi kan, men vi må ta den når den kjem. Og så meiner vi at vi har gjort vårt ytterste for å planlegge distribusjonen så effektivt som mogeleg. Men vi tek tilbakemeldingane på alvor, og vil sjå på om vi kunne gjort noko annleis, seier avdelingsdirektøren.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.