NRK Meny
Normal

Lege får kritikk etter nettskriving

Pasientskadeutvalet kjem med krass kritikk av Helse Førde-legen Rune Larsen i samband med innlegga hans i ein nettdebatt om dødsulukka på Haus.

Rune Larsen

FÅR KRITIKK: Pasientskadeutvalet meiner Rune Larsen ikkje burde skrive debattinnlegg etter ulukka på Haus.

Foto: NRK

Det var klart kritikkverdig å gå ut med detaljar om ulukka, meiner utvalet.
Utvalet er samstemte i kritikken mot Larsen, seier fagdirektør Hans Johan Breidablik i Helse Førde.

– Det er ei klar melding og utvalet meiner at det hadde vore best om dette ikkje var gjort, seier han.

Kritiserte at ikkje anestesilegar rykka ut

To ungdommar omkom og to vart skadde i samband med bilulukka på Haus i Nordfjord i april i fjor. Etter ulukka deltok Rune Larsen i ein diskusjon på NRK sin nettstad, der han mellom anna kritiserte at ingen anestesilegar frå Nordfjord sjukehus rykte ut til ulukkestaden.

Får smekk

Han gjekk vidare ut med medisinske detaljar om dei skadde. Både pårørande og legar ved Nordfjord sjukehus reagerte sterkt, og no får Larsen ein skikkeleg smekk over fingarne frå Helse Førde sitt eige pasientskadeutval. I uttalen heiter det mellom anna:

"Vi er samstemte i at det var klart kritikkverdig å gå ut med detaljar omkring ulukka og handteringa av denne frå Rune Larsen si side på eit offentelg tilgjengeleg nettforum. Saka burde burde eventuelt vore drøfta på eit internt traumemøte eller liknande".

– Stor feil

Breidablik meiner Larsen gjorde ein stor feil då han gjekk ut på denne måten.

– For dei involverte er det veldig problematisk når ein diskuterer detaljar ved sjølve aksjonen i etterkant, der folk har omkomme og blitt hardt skadde.

Kritiserer også Nordfjord-lege

Også lege Mats Petterson ved Nordfjord sjukehus, som gjekk ut i media å kritiserte Larsen sin framgangsmåte, får på pukkelen.

– Vi meiner at det ikkje var betre, for då vart saka ytterlegare eksponert i media.

Rune Larsen beklagar sin eigen framgangsmåte. Ut ovder dette vil han ikkje kommentere saka. Mats Petterson har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser