NRK Meny
Normal

Legar sende heim alvorleg sjuk pasient

Ein erfaren kommunelege får sterk kritikk etter at ein mann blei sendt heim utan at det blei oppdaga at han var alvorleg sjuk.

Legefrakk

ILLUSTRASJON: Ein lege i Sogn ytte ikkje forsvarleg helsehjelp då ein mann vart send heim frå legevakta. Han vart seinare lagt inn på sjukehus med blodforgiftning.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Ein lege i Sogn handla uforsvarleg då han skulle behandle ein pasient med alvorleg blodforgifting.

Det er konklusjonen i ein rapport av fylkeslege Per Stensland.

– Den erfarne legen gjorde ikkje sine eigne vurderingar, men lente seg i for stor grad på ein uerfaren turnuslege, seier Stensland.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

FYLKESLEGE: Per Steinar Stensland er fylkeslege og behandlar tilsynssaker mot legar i fylket.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

Vart send heim frå legevakta

Pasienten hadde kjend seg sjuk nokre dagar og oppsøkte legevakt i heimkommunen i Sogn.

Der møtte han ein turnuslege som blei usikker på kva som var gale. Turnuslegen følgde rutinane og kontakta ein erfaren lege. Dei blei samde om å sende mannen heim.

– Når ein erfaren lege skal gi rettleiing må den sjølv sjekke pasienten. Det er lett for ein erfaren lege å gløyme at ein turnuslege har ein heilt annan bakgrunn, seier Stensland.

Pasienten vart sendt heim og vart raskt dårlegare. Pasienten vart frakta til sjukehus der ein konstaterte at det var snakk om alvorleg blodforgifting. Ut frå funn ved undersøking var årsaka til blodforgiftinga uklar fram til dagen etter innlegginga, då det kom tydelege teikn.

– Ved blodforgifting er det spesielt at ein ikkje har så mange timar å gå på, fortel fylkeslegen.

Turnuslegen ytte forsvarleg helsehjelp

Turnuslegen som først tok imot pasienten har ytt forsvarleg helsehjelp, men ikkje i tråd med god praksis.

– Men det var forsvarleg å søke hjelp hos ein med betre erfaring.

Den erfarne legen som skulle rettleie har ikkje ytt forsvarleg helsehjelp, konkluderer Per Stensland med i rapporten.

Kor alvorleg er det for ein lege at han eller ho ikkje har ytt god nok helsehjelp?

– For ein kvar lege er ei tilsynssak alvorleg. Når vi konkluderer med at legen ikkje har gjort godt nok arbeid vil legen merke seg dette og endre praksis. Vi sjekkar også om legen har likande saker tidlegare, fortel Stensland.

Det får ingen konkrete konsekvensar når ein lege får ei tilsynssak mot seg.

Rådmannen i den aktuelle kommunen fortel at legen det gjeld i denne saka ikkje har fått utvida vikariat etter at kontrakten går ut.