Hopp til innhold

Legar i spesialisering får fast jobb - håpar å få fleire til å bli i fylket

Helse Førde går mot straumen og tilbyr alle legane som utdannar seg til spesialistar, fast jobb. Det får Yngre legers foreining til å juble.

Førde sentralsjukehus

FÅR FAST JOBB: Ein del av legane som er under spesialisering i Helse Førde held til på Førde sentralsjukehus. Alle får no tilbod om fast jobb.

Foto: Øystein Tveiten

Berre 300 av 5000 legar som held på å utdanne seg til spesialistar innan til dømes kirurgi, gynekologi eller indremedisin, har i dag fast jobb.

Det vil Helse Førde gjere noko med og tilbyr alle legar som er i ferd med ei spesialistutdanning fast stilling.

Helse Førde er eit godt føredøme for dei andre helseføretaka, jublar leiar i Yngre leger foreining, Johan Torgersen.

– Helse Førde gjer her det som dei andre sjukehusa også bør gjere. Dei sikrar legane og innbyggjarane kontinuitet og eit langsiktig legetilbod, seier han.

Difor gjer Helse Førde det

I går bestemte direktørgruppa i Helse Førde at føretaket skal gje legar som held på å spesialisere seg, fast jobb. 75 legar i helseføretaket er i dag under slik utdanning.

Fast tilsetting er viktig for å halde på dei, og for å lokke til seg fleire, seier HR-direktør Arne Skjelten.

– Vi ser at vi med mellombels praksis kan risikere at legane tek utdanning her, før dei etter kvart forsvinn til andre helseføretak, seier han og held fram:

– Det er viktig for oss i Helse Førde å halde på dei legane som er i spesialisering hos oss, seier Skjelten.

(Artikkelen held fram under)

Johan Torgersen

SVÆRT POSITIVT: Meiner Johan Torgersen i Yngre legers foreining om Helse Førde sitt vedtak om å tilby fast jobb.

Foto: Andre' Marton Pedersen / NRK

– Eit gode for fleire enn legane

Dei fleste andre helseføretak tilbyr berre mellombels tilsetjing. Torgersen i Yngre legers foreining meiner fast tilsetting er eit gode for fleire enn legane som får tilbodet.

– For legane handlar det om å knytt seg til staden, men det handlar også om at ein kan tenkje langsiktig.

– Ein kan planlegge kompetanseutvikling, planlegge kontinuitet for pasientane og det vil skape ei meir solid og langsiktig ramme for drifta av sjukehuset, seier han.

Mange gamle legar

I dag er 33 av 120 legar i Helse Førde over 60 år, og rekruttering av legar kan vere ei utfordring.

Med eit lite fagmiljø i Sogn og Fjordane må vi skilte med andre gode, seier Skjelten som håpar tilbodet om fast jobb kan få fleire til å bli verande i fylket.

– Vi er eit så lite miljø, at om ein eller to spesialistar sluttar, så er det vanskeleg å få nye på plass. Vi må ha ting som trekkjer legane hit, om ikkje vil dei søkje seg til større miljø.