NRK Meny
Normal

Legar fryktar rasering av fagmiljø

Legeforeninga i Sogn og Fjordane fryktar at innsparingstiltaka som Helse Førde presenterer i dag skal få store konsekvensar for fagmiljøet ved sentralsjukehuset i Førde.

Førde sentralsjukehus
Foto: NRK

Leiar Øyvind Watne seier nye kutt vil rasere det som er igjen av fagmiljøet.

- Det er ei grense for kor mykje innstrammingar fagmiljøet kan tåle. Det kan bli uaktuelt for legespesialistar å jobbe i Sogn og Fjordane, seier han.

Må spare 80 millionar

I dag skal styret i Helse Førde avgjere kvar det skal kuttast for å få budsjettet i balanse. I praksis må ein i løpet av dei neste to åra spare inn rundt 80 millionar. Helseminister Sylvia Brustad har ikkje gitt signal som tyder på at nærsjukehuset i Florø, og den forsterka fødestova i Lærdal kan rørast, og difor må det sparast andre plassar. Watne trur kutt blant spesialistane kan få dramatiske følgjer.

- Yngre legar kvir seg på å halde fram med å jobbe i Sogn og Fjordane. Resultatet for dei som bur i fylket er at dei etter kvart ikkje vil få spesialisttenester, seier han.

- Dårlegare tilbod 

Watne seier ein i lang tid har arbeidd for oppretthalde eit fagmiljø. Han er førebudd på kutt, men trur dei spesialistane som blir igjen i fylket kan gå glipp av viktig kompetanse.

- Kompetanse er ikkje ein statisk tilstand, men må vidareutviklast og byggast ut. Viss ikkje spesialisten får oppdatere seg innan fagfeltet sitt, vil befolkninga få eit dårlegare tilbod, seier han.

 

 

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser