Legane kjenner seg truga av personar som er rusa på narkotika eller alkohol, og menneske med psykiske vanskar. Det er neppe verre i Sogndal og Leikanger enn i andre kommunar, men legane der kjem opp i slike situasjonar minst ein gong i månaden.
Har oppretta stilling
Rådmann Jostein Aanestad i Sogndal har forståing for at legane helst ikkje vil møte farlege pasientar åleine, og Sogndal kommune har alt oppretta ei stilling for å avhjelpe situasjonen. Det å få med seg ein hjelpar på laurdagane vil føre til at det blir færre situasjonar der legen åleine møter farlege pasientar. Men kommunelege Leiv Erik Husabø i Leikanger hadde helst sett at dei fekk eit utvida vaktsamarbeid.
- Når vi sit med andre er vi ikkje så sårbare, seier han.
Nei til samarbeid
No har Luster tidlegare sagt nei til legevaktsamarbeid med Sogndal og Leikanger, men rådmannen i Sogndal ser gjerne at dei prøver igjen.
- Viss Luster har opning for å ta dette opp att er det veldig positivt, seier Aanestad.