Legane fann ikkje ut kva som feilte Asbjørn

Det som i vinter skulle bli eit internasjonalt gjennombrot, enda i staden med at Asbjørn Wold (23) vart sitjande sju veker i sofaen - ute av stand til å trene eller konkurrere.

Asbjørn Wold

PLAGA MED SJUKDOM: Asbjørn Wold fekk sesongen øydelagt av sjukdom, men har ikkje lagt bort håpet om VM-deltaking i Holmenkollen neste år.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det var kjedelege veker. Eg sat i sofaen, såg på sport og gjorde eigentleg ingenting, seier Asbjørn Wold.

Skiskyttaren frå Vik går for det private laget Team Norgesbakeriet, og er blant dei mange norske skiskyttarane som har VM i Holmenkollen i 2016 som sitt store mål.

Og sist sommar såg det veldig bra ut. Wold sette seg som mål å gå europacup. Så skulle han ta steget opp endå eit hakk etter det.

Kan ha trent for hardt og for mykje

Men allereie under opningsrenna på Sjusjøen kunne 23-åringen merke at ikkje alt var slik det skulle. Dei neste vekene kjende Wold på sår hals, smerter i hovudet - og så var han så trøytt.

– Det var akkurat som om eg hadde på gang ei forkjøling, ei forkjøling som ikkje kom. Eg har teke mange prøver, men legane har ikkje funne noko. Truleg har eg trent for mykje og for hardt over lang tid, seier han.

Det enda med at den lovande skiskyttaren måtte ta ei lengre pause. Etter sju veker i sofaen har han no vore tilbake i trening nokre veker.

Han prøver å komme i form til NM i slutten av mars. Håpet er å få ei god oppleving på tampen av sesongen.

Drøymer framleis om VM på heimebane

Wold har ei rekkje NM-medaljar som junior på merittlista, og han har fleire topp ti-plasseringar i norgescupen for seniorar. Langt der framme har VM på heimebane neste år vore målet.

– Korleis går det med VM-målet no?

– Sjukdomen var sjølvsagt ikkje etter planen. Så det er lenger fram no enn eg hadde håpa. Men draumen er framleis å få gå VM i Holmenkollen. Og alt er mogleg, seier Wold.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.