NRK Meny
Normal

Leedssupporterar har forelska seg i Sogndal

Steve Wakefield frå Leeds ser kvar sogndalkamp og følgjer laget tett gjennom sesongen. Litt absurd, tenkjer du kanskje? Han gjer det av éin grunn: Eirik Bakke.

Leeds-supportarar på Sogndalkamp

KLARE FOR KAMP: Steve Wakefield (nummer to frå venstre) er klar for sin andre kamp på Fosshaugane. Frå venstre: Colin Stribley, Steve Wakefield, Rune Roalsvig (med ryggen til), Alan Wilkinson, Joe Woodward og Chris Whitehill.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg var her i fjor, eg er her i år og eg kjem att neste år!

Steve Wakefield er ihuga Leeds United-supportar, men har dei siste åra også funne plass til eit anna lag i hjartet sitt. Med både sogndaldrakter og skjerf, troppa han og fire andre britar opp på Fosshaugane for å få med seg Sogndal mot Haugesund søndag.

For å forstå kvifor Sogndal har blitt klubb nummer to hjå Steve og dei fire andre kompisane, må me spola nokre år tilbake.

«Eirik, Eirik, give us a wave»

SPORT SOCCER

ÅTTE NETTKJENNINGAR: Eirik Bakke scora åtte mål for Leeds mellom 1999 og 2006. Her heime på Elland Road mot Liverpool 29. februar 2004.

Foto: MATTHEW ROBERTS / REUTERS

– Det er Eirik som er grunnen til at me er her, fortel Wakefield.

Året er 1999 og sogndalspelar, no sogndaltrenar, Eirik Bakke blir seld til Leeds. Bakke spelte 143 ligakampar for den gamle stormakta, scora åtte mål, og var med då klubben i 2000/01-sesongen spelte seg til semifinalen i Champions League. Han forlét klubben sommaren 2006.

Rune Roalsvig

HJARTE FOR LEEDS - OG LITT FOR SOGNDAL: Oslomannen Rune Roalsvig.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eirik har ei veldig høg stjerne i Leeds endå. Eg har hatt med Eirik til Leeds, og då står han med supporterane på tribunen. Det syns dei er heilt magisk. Då er det mange tusen supporterar som syng «Eirik, Eirik, give us a wave. Eirik, Eirik give us a hand», fortel Rune Roalsvig. Han er formann i Leeds sin skandinaviske supporterklubb og kamerat med den britiske gjengen.

Fjord, fjell og fotball

Reisefølgjet kom fredag kveld, og var blant anna på båttur og fjelltur med Bakke, før høgdepunktet var kampen søndag klokka 18. Der fekk Steve og kameratane blant anna sjå Even Hovland sin re-debut for kvittrøyene.

Leeds-supportarar på Sogndalkamp

GOD STEMNING: Colin Stribley, Steve Wakefield og dei andre koste seg på Fosshaugane. Men utover kampen, då Haugesund tok over føringa, vart det litt tristare.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Hovland var ei bra signering. Me treng erfaringa hans, så eg ser fram til å sjå han spela, sa Wakefield før kampen.

– Det er fantastisk. Leeds har fantastiske supporterar, som eg hadde eit veldig godt forhold til når eg var der borte. Dei har nok hatt ei tung fotballhelg, då Leeds tapte for Millwall laurdag. Men alt i alt håpar eg dei har hatt ei fin helg, seier Bakke etter kampen, like etter han tok i mot Wakefield og dei andre i garderoben.

– Skuffa, veldig skuffa

Men så var det kampen, då. Sogndal starta bra og var klart best i den første omgangen. Men etter pausen snudde det, og Frederik Gytkjær avgjorde for bortelaget. Sogndal datt ned på kvalikplassen, ni kampar før sesongslutt.

– Eg er skuffa, veldig skuffa. Me spelte OK, men slik er fotballen, seier Wakefield på veg ned frå tribunen.

– Trur du dei held seg i divisjonen?

– Det er god tid til å berga seg, eg er trygg på det! avsluttar han.

Laster innhold, vennligst vent..
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.