Kjell Skjerven vonar Leeds igjen får grunn til å juble.
Straumen av norske fotballsupporterar som reiser til England for å sjå engelsk fotball har auka jamt dei siste åra. Mange reiser over både tre og fire gonger i sesongen for å fylje favorittlaget sitt.
Sogningen Kjell Skjerven går endå lenger, han flyttar like godt til England for å komme tettast mogleg på favorittlaget Leeds United.
Lang planlegging
Draumen om å fylje laget i hjartet på nært hald har modnast over tid hjå 36-åringen frå Vik. For ei veke sidan realiserte han draumen, og flytta til industribyen i Nord-England. Og sjølv om laget med stor L rykte ned til 1. divisjon etter førre sesong, vurderte den fotballgale ungkaren aldri å droppe flyttinga.
Kjell Skjerven han permisjon frå jobben på samvirkelaget i Vik, og har fått tilsvarande jobb i den engelske storbyen – berre 500 meter frå Ellan Road, heimebana til Leeds United.
Profilane selde
Eirik Bakke er ei av dei få stjernene som er att i Leeds.
Sogndølen og langtidsskadde Eirik Bakke er ein av få profilar som framleis er i stallen til laget, som markerte seg i engelsk Premier League og europisk meisterliga for nokre sesongar sidan. Men for Kjell Skjerven er det laget som tel, ikkje spelarnamn.
Den store vona for Skjerven er at Leeds klatrar opp att i Premier League, sjølv om han innser at det er urealistisk med eit nesten nytt lag.
Ein draum
Vikjen ønskjer å få med seg både heime- og bortekampane til favorittlaget, og vil fylgje laget over heile England så sant han får tak i billett. At det blir eit kostbart fotballopphald er han fullt innforstått med.
– Når det er ein draum så gjer det ikkje noko om ein tapar litt pengar, seier Skjerven som har spart lenge for å gjennomføre planane.