Hopp til innhold

Berre dagar før skulestart har dei framleis ledige plassar

Det er berre få dagar til folkehøgskuleåret startar. Likevel er det slett ikkje fulle skular alle stadar. Og elevtalet kan komme til å gå ytterlegare ned.

Ledige plassar på folkehøgskulane

PLASS TIL FLEIRE: Både f.v. Sunnfjord folkehøgskule, Sogndal folkehøgskule, Nordfjord folkehøgskule og Fjordane folkehøgskule har ledige plassar.

Foto: Oddleif Løset, Arne Eithun, Ingunn Thon, Frode Fimland / NRK

Over 360 elevar tek til på skuleåret til helga fordelt på dei fire skulane i Sogn og Fjordane, og det er friluftsliv, idrett og reiselinjene som er mest populære.

På Sunnfjord folkehøgskule hadde dei sett at det var fleire som takka ja til ein skuleplass.

– No har vi 81 elevar, og så kjem det 25 etter jul. Men vi kunne godt hatt fleire elevar, seier rektor ved Sunnfjord folkehøgskule, Jorunn Knapstad.

Er langt frå toppåret

Om nokre dagar startar det som er eit friår for mange, folkehøgskuleåret.

Det har vore ein jamn auke i talet på elevar som søkjer seg til folkehøgskulane i mange år.

Men det er langt frå toppåret for Sunnfjord folkehøgskule. Der har dei fleire ledige plassar.

Rektor Jorunn Knapstad ved Sunnfjord Folkehøgskule

FLEIRE SØKJER: Rektor ved Sunnfjord folkehøgskule, Jorunn Knapstad, fortel at det er fleire som søkjer plass enn som takkar ja.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Rektor Jorunn Knapstad seier det er vanskeleg å vite kvifor tala endrar seg.
Det er nemleg langt fleire som søkjer på plass, enn dei som takkar ja til ein skuleplass.

– I forfjor låg vi 30 prosent over, så det er veldig tilfeldig korleis det slår ut med ja- og nei-svar, seier Knapstad.

Ti prosent vel folkehøgskule

Om lag ti prosent av alle elevar som er ferdig med vidaregåande skule vel eit år på folkehøgskule i Norge.

Fleire og fleire vil bruke tid på ein skule utan karakterjag, og i fylket er det linjene som har tilbod om friluftsliv og idrett som har flest søkjarar, i tillegg til reiselivslinjene.

Arne Hagen, rektor ved Fjordane folkehøgskule i Eid som mellom anna har sirkuslinje og hestelinje, har ledig kapasitet på alle tilboda sine, men er nøgd med søkjarmassen.

– Per dags dato har vi 76 elevar, og vi skal normalt sett ha 80. Vi har nokre få ledige plassar, seier Hagen.

Han er nøgd, sjølv om skulen kunne hatt fire elevar meir.

– Veldig mange folkehøgskular slit for tida, og eg tykkjer vi har klart oss bra, seier Hagen.

Ligg rett oppunder proppfull skule

På Nordfjord folkehøgskule tilbyr dei berre friluftslivslinjer og rektor Hildegunn Gjesdal Tennebø glad for at dei no nokre dagar før opning av skuleåret berre har tre ledige plassar att.

– Vi har hatt totalt 349 søknadar, av dei er det 134 som har stadfesta å ha takka ja til plass, og kjem hit på laurdag for å byrje, seier Tennebø.

Sjølv om talet er høgt, er det ikkje ny rekord.

– Nei, det er det ikkje. Eitt år hadde vi 140 elevar, men vi ligg og vakar oppunder heilt proppfull skule, seier Tennebø.

Trur nye internat kan bety litt

I Sogndal er det har dei brukt tid og pengar dei siste åra på å pusse opp skulen. Det er viktig for elevane meiner rektor Mai-Evy Bakken.

– Vi har 229 søkjarar så langt, og 81 elevar kjem på laurdag. Vi har modernisert skulen ein del dei siste tre åra, og det kan vere at slikt også spelar inn, seier Bakken.

Ho peikar på at skulen har nye internat.

– Alt er moderne og flott, og det kan jo bety noko, seier Bakken.

Om lag 7000 vel eit år på folkehøgskule på landsplan. Og tal frå 1. august viser at det er fleire i år enn i fjor som har søkt seg til ein slik skule.

Veit at årskulla minkar

I 2003 byrja søkjarmassane å auke, og fleire opplevde heilt fulle skular.
No har det flata noko ut, og rektor Knapstad i Sunnfjord seier søkjartala til ei ulike linjene endrar seg fort og.

– Volleyball-lina har litt nedgang i år i høve dei førre åra. Vi har ei fotball-line no som ligg på om lag 20, og det er det dobbelte av i fjor, seier Knapstad.

I Eid er dei midt i siste innspurten før skulen vert fylt opp av over 70 elevar denne helga. Rektor Hagen seier det har lite å stille opp med mot fallande årskull.

– Vi veit at elevkulla går nedover dei næraste åra. Det er også blitt ganske dyrt å gå på folkehøgskule, så det er fleire faktorar som spelar inn. Det er ikkje sikkert rekrutteringa vert like bra dei næraste åra som den har vore til no, seier Hagen.