Distrikts- og nyhendedivisjonen i NRK er den største nyhendeorganisasjonen i landet med 1.400 medarbeidarar fordelt på 50 stader i Norge og 12 i utlandet. Vi produserar nyhende for radio, fjernsyn og interaktive media. NRK sine 17 distriktskontor er ein viktig del av divisjonen. NRK Sogn og Fjordane i Førde har 43 medarbeidarar som lagar lokal- og riksprogram for radio og fjernsyn, der målet er å vere fyrst og best. Vi er og aktive på Internett. Vi kan by deg eit ungt og spennande arbeidsmiljø med mange utfordringar og varierte oppgåver.
Vi treng folk med teft for nyhende, evne til å arbeide raskt og sjølvstendig og samarbeide med andre. Arbeidet inneber turnus. Du får vite meir om jobben ved å ringe 57 72 42 42 eller sende e-post:
Send e-post til Magni Øvrebotten
Om det ikkje er ledige stillingar kan du gjerne ta kontakt med oss slik at vi veit om deg til neste gong vi treng folk.