Vi ynskjer oss ein allsidig medarbeidar med teft for nyhende, og med evne til å arbeide raskt, sjølvstendig og samarbeide godt med andre. Den som blir tilsett må også vere villeg til å jobbe som videojournalist. Arbeidet inneber turnus. Vi oppmodar særleg kvinner om å søkje. NRK har eiga pensjonsordning.
Ynskjer du å vite meir om desse jobbane, kan du ringe 57 72 42 42 eller nytte e-post til redaksjonssjef Rolf Sanne-Gundersen, rolf.sanne.gundersen@nrk.no.
Søknadsfrist 16. oktober 2005. Send søknad på mail til Rolf Sanne-Gundersen.
Sjå også: Ledige journaliststillingar ved NRK Sogn og Fjordane