Hopp til innhold

Leciejewski vil vekk frå Sogndal

Piotr Leciejewski er tydelegare enn nokon Sogndal-spelar nokon gong har vore: Han vil ikkje spele for klubben meir.

Piotr Leciejewski på første Sogndal-treninga i 2011

PÅ SIDELINJA: Den polske keeperen kom seint til årets første trening, og følgde med frå sidelinja.

Foto: Arve Uglum / NRK

- Eg vil ikkje bli i Sogndal og eg håpar eg kan snakke med klubben slik at dei forstår meg. Eg treng nye utfordringar og forandringar i livet. Eg har vore her i tre år og dette passar ikkje for meg. Plassen er for liten, seier Leicejewski.


Den polske målvakta vart forseinka under reisa frå heimlandet og var ikkje på plass før lagkameratane var halvveges ute i årets første treningsøkt. Han helste hjarteleg og leiarar, trenarar og lagkameratar før han gav tydeleg beskjed.

Les og: - Piotr har takka ja til Brann

- Alle veit eg vil vekk

- Om eg må bli verande skal eg prøve å vere profesjonell og gjere jobben min, men alle veit at eg vil vekk, seier Leicejewski.


Brann har tilbydd Sogndal keeperen Kenneth Udjus og spissen Cato Hansen i byte for Leciejewski. Sogndal har tilbydd dei to høgtlønna Brann-spelarane å dele lønspotten som til no har gått til Leciejewski, og bedt Brann plusse på løna deira til eit nivå dei to kan godta.

Sogndal-trenar Harald Aabrekk håpar no at denne avtalen kan gå gjennom, for han vedgår at det er svært spesielt med ein erfaren nøkkelspelar som så tydeleg gir beskjed om at han ikkje vil spele meir for Sogndal.

Uvant med så direkte tale

- Det er litt uvant for oss fordi han kjem frå ein kultur der han snakkar meir direkte enn me er vant til. Men Piotr er utruleg profesjonell og skulle det bli Sogndal vil han vere ein matchvinnar for oss, seier Aabrekk og gir uttrykk for at det meste eigentleg er i orden med tanke på bytehandelen, men at den av grunnar han ikkje forstår ikkje er fullført.


- Når klubbane vil det og spelarane vil det så forstår eg eigentleg ikkje kvifor det ikkje er i boks allereie.

- Kva er det det heng på?

- Det spør eg meg om og. Eg veit eigentleg ikkje, seier Aabrekk.

Vil på landslaget

Leciejewski lovar å stille på trening klokka 11 onsdag og gjere jobben sin, men viser mellom anna til ambisjonar om landslagsspel for Polen. Dei meiner han blir lettare å oppfylle i Brann enn i Sogndal.


- Eg treng rivalisering med ein sterk keeper.

- Er du betre enn Håkon Opdal som står for Brann no?

- Det må eg meine at eg er. Elles hadde det ikkje vore noko poeng med dette, seier han.