Hopp til innhold

Lavik - Oppedal opna etter akutt sjukdom ombord i ferje

Sambandet Lavik–Oppedal er no opna att, etter at det var stengd fordi ambulansepersonell jobba med ein livlaus pasient ombord på ei ferje.

Ferjekai i Lavik. MF Stavanger.

ARKIVFOTO.

Foto: Rune Fossum / NRK

Lavik–Oppedal er ein tungt trafikkert strekning langs E39 over Sognefjorden. Det var selskapet som trafikkerer strekninga, Norled, som melde om hendinga der ein person vart akutt sjuk ombord på «MF Oppedal» i kveld.

Meldinga om stenging av sambandet kom klokka 18.46, og beskjeden om opninga 19.32.

– Ambulanse og legehelikopter er kome, og pasienten er i gode hender. Personen er flytta på land, og skal inn i helikopter. Helikopteret står på busshaldeplassen, sa kaptein på «MF Oppedal», Geir Ove Øksnes, til NRK klokka 19.15.

Dei måtte då vente til helikopteret og ambulansen reiste frå kaien, før dei kunne starte normal trafikk att.

– Både dei ombord og ambulansepersonellet har gjort ein kjempejobb. Det går nok bra for dei som står i kø, når dei ser at det står eit legehelikopter på kaien.