Hopp til innhold

Blei først frifunnen for dramatisk hotellbrann – så blei han dømt til seks år i fengsel

Brødrene kjøpte inn parykk og lausskjegg for å skjule identiteten. No er begge dømde for dramatisk hotellbrann og eit rekordhøgt forsikringsbedrag.

Dagleg leiar på veg heim frå Selje etter å ha rigga brannen på Selje hotel.

NO ER STYRELEIAR DØMD: Sogn og Fjordane tingrett frikjente den tidlegare styreleiaren for brannstifting, noko som blei anka av påtalemakta.

Foto: Overvakingsbilete / Politiet

Natt til 25. november 2016 brann det ærverdige Selje Hotel ned til grunnen. Politiet meinte tre svensk-tyrkiske brør tappa hotellet for 5,4 millionar kroner, og at dei starta brannen for å byggje opp att eit nytt hotell for forsikringspengane.

Berre den eine broren, som var hotelldirektør, blei dømt av tingretten for brannen. No har Gulating lagmannsrett dømd nok ein bror etter at påtalemakta anka saka.

Rekordhøg sum

Overvakingsbilde av bilen som direktøren køyrde til Selje, syner at han har med seg ein sidemann, omtala som «Mr. X». For å skjule identiteten brukte dei lausbartar og parykkar, som vart handla inn på ein butikk i Stockholm nokre få dagar før brannen.

Lagmannsretten meiner den tidlegare styreleiaren er «Mr. X», og har dømt han til seks år og seks månader i fengsel. Begge brørne er dømde til å betale over to millionar i erstatning til forsikringsselskapet.

I dommen skriv lagmannsretten at det grove forsikringsbedraget er på 117 millionar, og at dette er ein rekordhøg sum i rettsavgjerder etter brannstifting.

Det var ikkje mogleg for NRK å få ein kommentar frå forsvararen til den dømte styreleiaren onsdag kveld.

Selje hotel

TOTALSKADD: Store delar av Selje hotell vart totalskadd i brannen. Sogn og Fjordane tingrett frikjente den tidlegare styreleiaren for brannstifting, noko som blei anka av påtalemakta.

Foto: Oddleif Løset / NRK