Hopp til innhold

Lauslét tidlegare drapssikta

Politiet slepp fri ein mann i 40-åra som er sikta for drap i Florø. Mannen har vore i varetekt sidan starten av april i år. Det samla bevisbildet har ført til at mistanken mot mannen er svekka, meiner politiet. Påtalemyndigheita har difor bestemt seg for å lauslate mannen. – Politiet har gjennomført ei omfattande etterforsking. Det er gjort kriminaltekniske undersøkingar og nærare 70 vitne er avhøyrde. Dei sikta har forklart seg fleire gongar, og det er utført ein rekonstruksjon, seier politiadvokat Inger Lise Høyland. Politiet ber om åtte nye veker i varetekt for den andre sikta i saka. – Vi meiner at mistanken ikkje er svekka for hans del, seier Høyland. Ivar Blikra er forsvarar for mannen som no er sleppt fri og seier at hans klient er glad for å vere ute av fengsel og at dei no ventar at også siktinga blir lagt vekk.