Hopp til innhold

Lause plater bles med vinden

Vinden har blese av delar av taket på symjehallen i Svelgen. Det er ikkje meldt om personskade.

svelgen

Politiet melde og at vinden tok tak i lause plater på Trollebø i Vågsøy, men no er det rydda opp. I Svelgen har lause plater og lausgrus som har blese med vinden gjort skade på 15 bilar.

Operasjonsleiar Odd Arve Solvåg i Sogn og Fjordane politidistrikt seier at dei har fått inn meldingar om at vinden gjer skade i delar av fylket.

– Det er i ytre at vi har fått meldingar, frå Vågsøy og Bremanger om lause gjenstandar som har løsna frå bygningar. Desse er tekne hand om.

I Bremanger har vi fått opplyst at det skal vere skadar på fleire køyretøy i samband med desse lause gjenstandane.

– Kva bør folk gjere?

– Folk må syte for å sikre sine eigne gjenstandar som dei har ståande ute, og syte for at dei ikkje fer avgarde og skadar andre gjenstandar, og i verste fall folk. Vi har ikkje gjort noko anna enn at vi er ops på dei forholda som er og vurderer om det er naudsynt å setje i verk tiltak.

– Tok kraftig tak i bilen

Tove Skudal tok ferja frå Stårheim til Isane i ettermiddag, og på vegen frå Isane mot Svelgen fekk ho merke den sterke vinden.

– Over Ålfotfjellet såg eg på høgre sida at eit tre hadde velta, og då tenkte eg at det også kunne vere andre ting i vegen. Det var mykje kvistar og anna som fauk framfor bilen, det var sterk sidevind som tok kraftig tak i bilen. Slike vindkast var det heilt til vi kom over Magnhildskaret.

Ho seier at ho ikkje ville ha teke turen omatt om ho hadde visst kor gale det var.

– Eg angrar på at eg tok turen, men no er eg komen fram til Florø.

Kolonnekøyring

Meteorologisk Institutt har sendt ut eit obs-varsel som gjeld til i morgon:

Onsdag søraust liten til full storm på kysten og i fjellet, kan hende til dels sterk storm på kysten i nord, minkande natt til torsdag. Torsdag ettermiddag ny auking til søraust liten storm. Begge dagar lokale vindkast på 25-30 m/s i låglandet og fare for snøfokk og vanskelege køyreforhold på fjellovergangene.

Aurland-Hol

VINDFULLT: Slik såg det ut på fv 50 Aurland-Hol klokka 10.25.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Det er kolonnekøyring på to høgfjellsvegar, to andre kan bli stengde på kort varsel, og i låglandet bør bilistane vere obs på tre og greiner som kan sperre vegen.

På fjellovergangane er det kolonnekøyring på fylkesveg 50 Aurland-Hol, medan riksveg 13 over Vikafjellet er stengd og ikkje blir opna att i dag. På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet var det kolonnekøyring fram til klokka 10.30, deretter var det fri ferdsel. Men der kan det bli kolonnekøyring på ny på kort varsel.

Meldt sterk vind på Strynefjellet

På riksveg 15 over Strynefjellet og fylkesveg 53 Årdal-Tyin var det klokka 10 fri ferdsel. På Årdal-Tyin er det greie køyreforhold, men men for Strynefjellet blir det sagt at dei kan bli stengt på kort varsel.

– På Strynefjellet er det meldt sterk auke i vinden frå klokka 14, så der kan det bli vanskar etter kvart, seier Molvær.

Det same gjeld fylkesveg 50 Aurland-Hol, men så ser det ut som vinden roar seg att utpå kvelden.

– Dei som skal over fjellovergangane bør kanskje gjere det no, eller vente til det har roa seg. Det blir verst nokre timar på ettermiddagen.

På riksveg 7 over Hardangervidda er det stengt for køyretøy med totalvekt under sju tonn på grunn av uvêr.

På E16 over Filefjellet ser det ut til at trafikantane kan vente seg nokolunde greie køyretilhøve, men også der er det venta at vinden aukar på frå rundt klokka 16.

Ketil Molvær ber dei som køyrer i låglandet om å køyre slik at dei kan stanse om det skulle ligge eit nedblese tre over vegen rundt neste sving.

På riksveg 13 mellom Dragsvik og Vetlefjorden har det kome stein i vegbana, og der er det no manuell dirigering av trafikken. Frå klokka 16.30 i dag blir det heilt stengt til klokka 12 i morgon. Då blir det ei ny vurdering.

Ferjesamband innstilt

Vinden har og skapt vanskar for båttrafikken. Ferjesambandet Måløy-Oldeide vart innstilt inntil vidare litt over klokka ni på grunn av sterk vind, og snøggbåten frå Selje til Bergen kunne ikkje gå innom Smørhamn i Bremanger.

Flytrafikken til Widerøe har til no ikkje vore hindra av vinden. Det er heller ikkje meldt om straumbrot på grunn av vinden i Sogn og Fjordane, men kraftselskapa er budde på at det kan skje.

Det er meldt om liten storm 23 meter i sekundet på Utvær frå klokka 12, seinar epå ettermiddagen aukar det på til full storm 25 meter i sekundet.