NRK Meny
Normal

Avdekka lause fjellmassar - stengjer fylkesveg i natt

Fylkesveg 55 var natt til torsdag stengd ved Råaberget i Luster på grunn av rasfare. – Det er ikkje stort område, men stort nok til at vi må stengje vegen, seier byggjeleiar Svein Jarle Slinde.

Lause massar ved Råaberget i Luster.

LAUST: Slik ser det ut i sleppområdet ved Råaberget i Luster.

Foto: Svein Jarle Slinde / Statens vegvesen

I samband med fjellreinsking vart det i 17-tida onsdag avdekka lausmassar i ei skråning ovanfor vegbana.

Arbeidarane har halde på i området i kring tre veker, men opplevde dei lause massane så usikre at dei ikkje våga å jobbe meir.

– Dei kom over eit laust parti og det rasa ut noko stein, fortel byggherrevakt Rune Dvergsdal hos Statens vegvesen.

Klokka 07.00 torsdag morgon opna vegen igjen, men held fram med lange stengeperiodar på grunn av reinskingsarbeid som har gått føre seg i lenger tid. Vegen vil opne kvar heile time, ifølgje vegvesenet.

Vil ikkje merke

Byggjeleiar Svein Jarle Slinde hos Statens vegvesen, seier det ikkje var noko dramatisk i hendinga tysdag. Steinane som glei ut stogga i vegkanten. Slinde legg til at det som ligg att ikkje utgjer store faren.

Trafikken vart fram til klokka 20 dirigert forbi rasstaden. Det har også vore lyttepost.

– Det er ikkje prekært, men vi må ta det ned når massane ligg lause i ei skråning, seier Slinde.

Massane blir reinska ned torsdag og Slinde seier reisande ikkje vil merke noko til dette utover kveld- og nattestenginga.

– Vi vil halde fram med dei opplyste opnings- og stengjetidene, presiserer Slinde.

Set opp ferje i kveld

Vegen blir heilt stengd mellom klokka 20 onsdag til 07 torsdag. Det betyr at ein ikkje kjem seg mellom Sogndal og Sognefjellet på fylkesveg 55, men for personbilar er det mogleg å køyre via Tindevegen mellom Turtagrø og Årdal.

Større køyretøy må via Stryn eller Valdresflya.

– Det blir sett opp ferje for person- og varebilar mellom Solvorn og Urnes. Siste ferja går klokka 23 frå Urnes. Utrykkingskøyretøy blir sleppt forbi i natt, seier Dvergsdal.

Ferdig i november

Slinde seier at hendinga i kveld understrekar at sikringsarbeidet er krevjande. Verken arbeidarar eller reisande var nær å bli trefte av utglidinga.

I tillegg til fjellreinsking blir fjellet bolta, samt at det blir sett opp sikringsnett.

– Arbeidet er planlagt ferdig medio november, seier Slinde.