Hopp til innhold

Her legg supporterane att tusenvis av kroner

Sogndal Fotball spelar i kveld den første av tre laurdagskampar før sommaren. Kampdag på ein laurdag betyr meir klingande mynt i kassa for næringslivet i bygda.

Wilhelm Tangerud gler seg over fleire laurdagskampar i Sogndal
Foto: Privat

– Vi opplever ein betydeleg auke i handelen på laurdagar når Sogndal har laurdagskamp, seier senterleiar Wilhelm Tangerud på senteret AMFI Sogningen.

Laurdag føremiddag er han budd på ein hektisk dag i saftbygda. Viking kjem frå Stavanger for å måle krefter med Sogndal på Fosshaugane klokka 18, og klubben sjølv ventar rundt 3000 på tribunane.

Kampen i kveld er den første av tre kampar som går på ein laurdag dei neste to månadane, og det er lenge sidan Sogndal sist hadde så mange laurdagskampar.

– Vi er veldig positive til fleire laurdagskampar. Dette vil vi sjå att på tribunane, men ikkje minst i sentrum og for næringslivet, seier arrangementssjef i Sogndal Fotball, Geir Inge Heggestad.

Aukar omsetnad med nesten ein million

Ifølgje senterleiar Wilhelm Tangerud er det snakk om ein auke i omsetnaden på mellom 200.000 og 300.000 kroner på helgar med laurdagskamp, og det berre på senteret.

Tangerud er også styreleiar i Sogndal Handel og Service med bedrifter frå heile området. Samla sett trur han næringslivet ser ein auke i omsetnaden på rundt ein million kroner når eliteserielaga gjestar bygda på ein laurdag.

– Sogndal er eit lag som får besøk frå folk i heile fylket. Det kjem også folk langvegsfrå, utanfrå fylket, seier han.

Han seier dei opplever at mange publikummarar frå fylket vel eit heildagsbesøk i Sogndal når det er kampdag på ein laurdag.

– Dei kjem for opplevingar, dei tek ein tur på fjordstien, går på kafe og på shopping. Og så dreg dei på kamp, seier Tangerud.

Eliteserien fotball 2017: Sarpsborg 08 - Sogndal. 3-1

VIKTIGE FOR NÆRINGSLIVET: Sogndal sitt eliteseriespel betyr mykje for næringslivet og bedriftene i bygda.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Handelslekkasje frå Bergen

Neste laurdag er det erkerivalen Brann som skal i elden på Fosshaugane. Då trur Tangerud på ein real handelslekkasje frå storbyen lenger sør.

– Det er ekstremt moro, flirer senterleiaren.

Også Geir Inge Heggestad i Sogndal Fotball ventar storinnrykk av raudkledde supporterar neste helg.

– Vi satsar på å fylle opp Fosshaugane med 5500 tilskodarar neste laurdag. For dei som ikkje har kjøpt billett, så bør dei hive seg rundt. Den siste veka er det alltid eit ekstra trykk på billettsalet.