NRK Meny
Normal

Laurdag kom «agenten» heim til Vik

80 år etter at den vart bygt i Arnafjorden kom «Arnafjord» også kjend som agenten nyrestaurert og fin attende til Vik.

«Arnafjord»

– Båten vart bygd i 1937 i Arnafjord, og det er her i Vik han høyrer heime. Det er godt å få han heim att, seier Tore Røyrvik.

"Arnafjord" var opphavleg ein såkalla agentbåt, som vart nytta av store handelsfirma. Han frakta eksklusive varer oppover kysten i mange år. Båten er å rekne som familiehistorie for Røyrvik.

– Det var oldefar min som bygde den, og seinare var det ein av sønene han som dreiv den i mange år, og då er det litt artig at vi kan få restaurert den igjen.

Enda som vrak

I dag er det meir enn 10 år sidan eldsjelene i Vik henta båten heim til Norge. Då stod han som vrak på ei kai i Lübeck i Tyskland og rusta vekk

– Det var ei tante og ein onkel av meg som fann den på 1990-talet.

I 2005 kom «Arnafjord» til Norge og fartøysenteret i Norheimsund, der det møysomlege arbeidet med å restaurere den gamle slitaren starta. Heldigvis hadde ikkje den siste eigaren kasta noko, så både interiør og maskineri er originalt.

Støtte frå Riksantikvaren

Det at alt var originalt om bord gjorde at også Riksantikvaren fatta interesse for båten.

– Og då rulla det vidare av seg sjølv, seier Røyrvik.

Riksantikvaren gjekk inn med nesten ni millionar kroner. I tillegg til eigne pengar har også Sparebanken i Vik gått inn med pengr i prosjektet. Totalt reknar eldsjelene med at restaureringsarbeidet har kosta ein stad mellom 10 og 11 millionar kroner.

Omfattande jobb

Sjølv om det meste var på plass, var det mykje som måtte gjerast før båten igjen var klar for sjøen. Blant anna måtte motoren ha ei full overhaling. Det var ingen enkel jobb sidan mange av delane måtte spesiallagast.

Ansvaret for å få motoren i stand hamna i hendene på den pensjonerte sjømannen Sigvart Røyrvik, som også er søskenbarn til far til Tore Røyrvik.

– Eg har jobba med motorar i alle år og reiste som maskinist dei siste 30 åra før eg pensjonerte meg, seier Sigvart Røyrvik.

Gjennom sine kontaktar fekk han blant anna laga former og støypt nye sylindrar og toppar.

– Dette er ein båt som eg er vaksen opp med så det er kjekt å sjå at han no kjem attende til Vik, seier Sigvart Røyrvik.

Flytande museum

Framleis står det att litt arbeid med det elektriske anlegget om bord, og motoren skal køyrast skikkeleg inn før «Arnafjord» kan ta fatt på sitt nye liv.

– «Arnafjord» er ei flytande kulturminne og museum som vi vil vise fram rundt om kring, seier Tore Røyrvik.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.