NRK Meny
Normal

Laurdag kan du sjå Vilde og Anna sin konsert frå Malakoff direkte

Om du ikkje har høve til å reise på Malakoff for å sjå Vilde og Anna i helga, så fortvil ikkje. Vi sendar konserten deira direkte på NRK Sogn og Fjordane.

Vilde og Anna opptrer på Festivalscena på Malakoff festivalen.

På laurdag kan du sjå Sogn og Fjordane sine store heltar, Vilde og Anna, spele konsert direkte.

På laurdag klokka 14.00 går Vilde og Anna på scena på Malakoff. Dei to jentene spelar på festivalen for første gong. Dei har med seg eit anna Eid-band, Indigo Child, og saman skal dei halde ein konsert på 50 minutt.

Vilde og Anna vann Melodi Grand Prix junior i november, med songen «Vestlandet» som har blitt spelt over tre millionar gonger på Spotify og Youtube.

Vilde og Anna opptrer på Festivalscena på Malakoff festivalen.
Vegopning på Bergum i Førde kommune