NRK Meny
Normal

Laurdag er ventetida endeleg over for Johannes

Johannes Thingnes Bø har så vidt sparka i ein ball sidan slutten av mars. Laurdag debuterer han etter alle solemerke som 3. divisjonsspelar - mot gamletrenaren.

Johannes Thingnes Bø

KLAR: Johannes Thingnes Bø håpar på suksess i 3. divisjonsdebuten laurdag.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Eg satsar på at Stryn køyrer over Volda, så eg får litt speletid på slutten, humrar skiskyttaren som laurdag debuterer i 3. divisjon mot Volda.

Trur ikkje på speletid

I vinter signerte Johannes Thingnes Bø kontrakten med fotballaget i heimkommunen. I si førebels siste trening med Stryn, i mars, vart han skadd. Sidan har han så vidt leika seg litt med ballen.

Kommande laurdag er han med i troppen når tabellfirar Stryn tek i mot gamletrenaren Dagmund Evebø sin klubb.

Johannes Thingnes Bø klar for Stryn Fotball

SIGNERTE: Johann Sigursson (t.v.) har inkludert Johannes Thingnes Bø (i midten) i troppen som laurdag klokka 16 møter Volda på heimebane.

Foto: Stryn fotball

– Eg tvilar vel på at eg får noko speletid, men om eg gjer så er det betre jo lenger opp på bana eg spelar. Då er det mindre sjanse for å gjere fatale feil som gir baklengs, humrar skiskyttaren.

Evebø-dødaren

– Men det hadde vore kult å bli Evebø-dødaren, legg han til og fortel at det var den nemnde trenaren som hadde ansvaret då han som ung debuterte på A-lagstreninga. Då Thingnes Bø byrja på vidaregåande skule, la han fotballskoa på hylla.

Fredag klokka 18 gjennomfører skiskyttaren si første treningsøkt på kring fire månader med fotballklubben. 22 timar seinare set han på innbyttarbenken.

– Det blir spennande. Då skal vi leggje slagplanen for korleis vi skal knekkje Evebø, humrar han.

Kvir seg ikkje

Dagens strynetrenar, Johann Sigursson, har ikkje planer om å sende skiskyttaren rett til «ulvane».

– Han må sitje på benken på lik linje med alle spelarar, og vil ikkje få speletid berre fordi han er Johannes. Vi får sjå korleis kampen blir, seier han.

– Eg tenkjer å nytte han som midtbanespelar. Han har ein stor fordel i god kondis, sjølv om det er ein anna kondisjonsform enn på skiskyting. Men fotballmessig, så har han det nok i seg.

– Så du kvir deg ikkje på å sleppe han til?

– Neida. Han var med på trening sist han var heime, og skiskyttargutane spelar fotball så fort dei får moglegheit til det.

– Tung heimreise

Etter planen skulle skiskyttaren fått debuten sin for ei tid sidan. Grunna skaden, tett samlingsprogram og sponsorsaka er det først no han får debuten.

– Eg er ikkje redd for at Stryn skal gå på tap. Volda får ei tung heimreise, seier Thingnes Bø og legg til:

– Det hadde jo vore kult å fått mine første minutt i 3. divisjon.

– Blir det dine første og siste?

– Det kan godt vere.

Vegopning på Bergum i Førde kommune