Noreg har saman med Sverige forplikta seg til å auke produksjonen av fornybar energi med 26 Terrawatt-timar innan 2020. For Noreg kan det bety 1000 nye småkraftverk, 200 av dei i Sogn og Fjordane.
Naturvernarane vil ikkje øydelegge norsk natur for å forsyne EU med grøn energi.
– Den naturen me har i Sogn og Fjordane er heilt spesiell, heilt unik, både klimaet og geologien, seier Marino Ask, leiar i Sogn og Fjordane turlag.
- LES OGSÅ: Enorm kraftutbygging dei neste fem åra
- LES OGSÅ: Sverige stikk av med støttekroner
– Ei håplaus oppgåve
Ask meiner at naturen må gå prioriterast.
– Det å ta vare på dei naturkvalitetane me har her er ein langt større verdi både for Europa og for oss som bur her enn dei få Terrawatt-timane me klarar å levere.
Auken i produksjonen i det norsk-svenske samarbeidet for å forsyne EU med grøn energi vil utgjere 1 promille av EU sitt forbruk, og den planlagde auken i Noreg ein halv promille.
– Uansett skal den straumen transporterast over lange avstandar, og vi veit og at det vil medføre betydeleg meir linjebygging med dei miljøulempene det har. Men ikkje minst det tapet ein får ved å transportere straum over så store avstandar, seier Ask.
Og han får støtte frå æresmedlem og tidlegare leiar i Naturvernforbundet Erik Solheim.
– Nei, at vi skal redde Europa eller deler av Europa, er ei håplaus oppgåve, seier han.
- LES OGSÅ: Får hakeslepp av den store kraftutbygginga
- LES OGSÅ: Fryktar store miljøskadar
- LES OGSÅ: Småkrafteigarar må ofre livsverket sitt
– Kva om alle hadde tenkt slik?
Olje- og energiminister Tord Lien meiner det er klart at Noreg må hjelpe EU.
– Kva visst alle landa i Europa hadde tenkt slik at «nei, vårt litle bidrag til auka fornybar produksjon i den europeiske kraftmiksen betyr veldig lite, difor treng ikkje vi å gjere noko, vi vil overlate til alle dei andre å gjere noko»?
Ministeren svarar på sitt eige spørsmål.
– Då hadde ein enda opp med at ingen kjem til å gjere noko.