Hopp til innhold

Lasteskip slept til Florø etter grunnstøyting

Ved 17-tida fredag ettermiddag blei lastebåten Falkland trekt av grunn. Båten gjekk i dag tidleg på grunn vest Botnane i Bremanger.

Båt på grunn

PÅ GRUNN: Lastebåten Falkland måtte trekkast av grunn etter å ha grunnstøytt i Frøysjøen, rett utanfor Botnane.

Foto: REDNINGSSKØYTA HALFDAN GRIEG

– Den stod godt på grunn, det måtte fire slepebåtar til før vi fekk den laus, seier Per Bergmann som er skipper om bord på redningsskøyta «Halvdan Grieg».

Lastebåten «Falkland» er 88 meter langt og siglar under maltesisk flagg. skipet har eit mannskap på ni, og er lasta med kalkstein. Ingen av dei ni om bord skal ha kome til skade i samanstøyten.

(SAKA HELD FRAM UNDER VIDEOEN)

Ved 17-tida fredag ettermiddag blei lastebåten Falkland trekt av grunn. Båten gjekk i dag tidleg på grunn vest Botnane i Bremanger.

Bergmann fortel at det var ein utfordrande jobb å får båten laust.

– Skipet stod godt fast i tillegg fekk vi vinden inn frå sida slik at vi måtte passe oss så vi ikkje rende inn i kvarandre medan vi slepte båten av grunn.

Per Bergmann

BÅT PÅ GRUNN: Per Bergmann er skipper om bord på Redningsskøyta Halfdan Grieg.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– No slepar vi båten til Florø, der den skal undersøkast nærare.

– Veit du no noko om kva skadar skipet kan ha fått i samanstøyten?

– Det blei først sagt at den ska ha fått eit hol i baugen, men dei seier no at båten ikkje tek inn vatn. No blir båten slept til kai Florø, der den blir undersøkt av dykkarar enten i kveld i morgon, laurdag.