Hopp til innhold

Lasteskip fekk motorhavari midt i stormen

Redningsskøyta Halfdan Grieg er no på veg inn til land med det 70 meter lange lasteskipet som har lege og drive i havet utanfor Bremangerlandet i over ein time.

Loyalty Express

GROV SJØ: Det bles kraftig i området då Loyalty Express måtte bergast av redningsskøyta.

Foto: Redningsskøyta Halfdan Grieg

– Vi har lukkast i å få til slepet og er på veg inn til land, seier Angelina Øhman, som er om bord i redningsskøyta, kring klokka 16.20.

Slepebåten BB Supporter låg stand by for å hjelpe til dersom det var behov for det. Nesten to timar seinare var redningsskøyta og lasteskipet kome inn til Måløy. Lasteskipet skal ikkje ha fått skader utover det som førte til motorhavariet.

Det var like før klokka 15.30 at Hovudredningssentralen fekk melding om at eit 70 meter langt lasteskip hadde motortrøbbel og var komne på drift like utanfor Bremangerlandet.

Frykta båten skulle drive på grunn

Ein frykta ei stund at lasteskipet kunne komme til å drive på grunn, då båten dreiv i ein retning der ein visste at det ikkje var djupt nok for ein så stor båt.

– Då vi fekk festa slepet var det framleis eit stykke att dit. Så alt var kontrollert, seier Øhman.

Ho fortel at vinden i området no er 32 meter i sekundet. Meteorologisk institutt har tidlegare i dag sendt ut OBS-varsel for Sogn og Fjordane, og i ytre strok har vinden allereie teke seg opp.

– Det bles godt og er høge bølgjer, seier Øhman.

Ho legg til at alt står bra til med mannskapet på lasteskipet.

Kalla ut redningshelikopteret

– Lastefartøyet låg nokre få mil vest av Bremangerlandet. Dei hadde motorstopp og såg inga moglegheit til å få maskina i gang på kort varsel, fortel redningsleiar på Hovudredningssentralen, Nils Ole Sunde.

Også redningshelikopter frå 330 skvadronen i Florø vart kalla ut, i tilfelle det ikkje skulle la seg gjere å setje slepet.

Skipet, som ber namnet «Loyalty Express», har eit mannskap på åtte personar. Så vidt Hovudredningssentralen kjenner til, er det ikkje nordmenn om bord.

Har ikkje last

– Båten har ikkje last og går i ballast, seier Sunde.

Meteorologisk institutt sende tidlegare i dag ut OBS-varsel for Sogn og Fjordane. Alt no er det svært dårleg vêr i havet utanfor Bremangerlandet.

– Det bles sørleg storm og det er tung sjø. Det gjer det vanskeleg å setje slep, seier Sunde.