Hopp til innhold

Lastebilsjåførar fryktar for jobben

Men samferdsleministeren har tru på ei løysing.

Transportbedrifta Per A. Øren i Høyanger

Sjåførar ved Per A. Øren i Høyanger er uroa for den nye avtalen.

Foto: Vegar Erstad / NRK

- Som følgje av EØS-avtalen fryktar fleire lastebilsjåførar at dei skal misse jobben, seier sjåfør Eivind Johan Bell i transportselskapet Per A. Øren.

Fryktar konkurranse på pris

Frå 1. mai blir det opna opp for at transportørar frå 7 nye europeiske land kan frakte gods innanlands i Norge. Sjåførane fryktar at austeuropeiske aktørar vil utkonkurrere dei norske på pris.

- Eg er veldig lei meg for det der, eg veit ikkje kva eg skal gjere lenger. Eg trudde sjåfør var ein ganske sikker jobb i Norge, men det kan begynne å sjå verre ut for det, seier Bell som er ein av mange norske lastebilsjåførar som er redd for å misse jobben i tida som kjem.

Kan også køyre innanlands

Til no har aktørar frå til dømes Polen hatt lov å køyre gods frå Polen til ein destinasjon i Norge. Men dei har ikkje kunne tatt på seg oppdrag innanlands i Noreg. Men gjennom den såkalla kabotasjeavtalen har det gradvis blitt opna opp for at aktørar frå EØS-landa kan køyre også innanlands. Frå fredag er også mellom anna Polen, Tsjekkia og Slovakia omfatta av denne regelen.

Redde for jobbane

No er Bell redd norske arbeidsplassar skal ryke.

- Dei køyrer jo mykje billegare enn kva ein norsk bileigar og transportør har anledning til å gjere. Og i og med at mykje går på pris i desse dagar, så er det jo klart at mange vil velje ein utanlandsk transportør når dei kan køyre for halvparten av ein det ein norsk bileigar kan.

- Lite er gjort

Også Norges Lastebileierforbund, NLF, fryktar for følgjene og meiner rammene for avtalen er for vide. Ifølgje samferdsledepartementet kan ikkje utanlandske aktørar vere i Noreg lenger enn ein til to månadar maksimalt. Men administrerande direktør i NLF, Olav Slaatsveen meiner det er for lenge.

- Vi har tatt opp denne problemstillinga med departementet for eit halv år sidan og bede dei førebu seg på det som skjer 1. mai. Svært lite er gjort etter det vi kan sjå. Det er klart at denne kabotasjedefinisjonen om at det ikkje skal vere systematisk og kontinuerleg. så hadde vi forventa at ein stramma inn varigheita på desse oppdraga. I EU er det eit forslag om at det er ei veke og tre oppdrag. Vi hadde forventa at norske myndigheter hadde gått i den retning, men det har dei dessverre ikkje gjort.

- Skal gjere det vi kan

Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete

Foto: Trond Vestre / NRK

Ifølgje Slaatsveen er situasjonen for næringa svært vanskeleg. Men samferdsleminister Liv Signe Navarsete lovar at departementet skal gjere det dei kan.

- Eg skjønnar at det er ei uro i marknaden for dette. Men då er det viktig å presisere at kabotasjeregelverket er tydeleg på at om transportane skal vere lovleg så skal dei vere midlertidige, tilfeldige og vere over ein avgrensa periode. Departementet skal vere klare på presisering, og at vi får kontrollar ute på vegane som kan forhindre at vi får ein konkurranse som vi ikkje skal ha.

Og Navarsete avviser at departementet ikkje vil jobbe for å få innstrama reglane. Samferdsleministeren er i dag på ministermøte i Praha der saka skal opp, og ifølgje Navarsete ser det lovande ut.

- Ja eg jobba intenst for at dei skal få fart på vegpakken der dette er ein del av den.