Hopp til innhold

Bilistane på E39 fortvilar over kontaktrøbbelet til Norled

LAVIK/OPPEDAL (NRK): Verdas første batteriferje på Lavik – Oppedal har problem med ein kontakt. Det er bilistane leie av.

Ferja mellom Lavik og Oppedal slit med ladinga som skulle vore på plass i januar.

LEI AV Å VENTE: Bilistane på E39 mellom Lavik og Oppedal er leie av å vente på at batteriferja blir lada.

– Eg synest det er trasig for vår del, seier lastebilsjåfør Leif Kallekleiv.

Norled si banebrytande og miljøvennlege ferje Ampere som går på strekninga Lavik – Oppedal, slit med stikkontakten. Ferja er batteridriven og må ladast. Men den eine ladestasjonen i Lavik fungerer ikkje som den skal.

Leif Kallekleiv

FÅR KONSEKVENSAR: Leif Kallekleiv køyrer langtransport og ventinga får konsekvensar for køyre- og kviletida.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– For oss som lever av å køyre på vegen handlar alt om køyre- og kviletida. Viss vi blir ståande taper vi køyretid., seier Kallekleiv.

Problem med å halde ruta

Det er vanskar med ladestasjonen i Lavik som gjer at ferja «Ampere» må stå over kvar tredje tur. Lastebilsjåførane har fått merke følgjene.

– Sist eg reiste vart vi ståande på ferja, for dei fekk ikkje lada ferja godt nok. Då kom eg ikkje så langt eg skulle den dagen.

Då Norled tok over Lavik-Oppedal etter Fjord1 ved nyttår, var kravet frå Vegvesenet tre ferjer, den eine elektrisk. Så langt har el-ferja hatt store problem med å halde ruta.

– Det får litt følgjer, for vi skal stort sett vidare langs kysten, seier lastebilsjåfør Jarle Naustdal.

Mannskapet har ikkje lov til å snakke på tv, men fortel at dei ei lei av å få kjeft frå bilistar.

– Vi har time i Førde klokka 13, men det er heilt umogeleg å passe tidene, seier drosjesjåfør Bente Halsvik.

Trafikantane håpar at Norled snart er kvitt barnesjukdommane, slik at dei kan stole på at ferja går til den tida den skal.

– Selskapet burde kanskje ha prøvd ut teknologien på eit mindre viktig samband enn her på E39. Kanskje dei kunne prøvd det ut på Osterøy-ferja, tullar lastebilsjåfør Leiv Kallekleiv.

Kan svi på pungen

Inge Utåker, Norled

LOVAR BETRING: Norled-sjef Inge André Utåker seier det er nybrottsarbeid dei driv med.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

På grunn av forsinkelsar både med bygging av ferja og kaia, har ikkje Norled fått testa teknologien skikkeleg før den var i trafikk.

– Dette er nybrotsarbeid. Det er ny teknologi for oss og dei som jobbar om bord på ferja. Læreprosessen er godt i gang, men vi er ikkje i mål enno, seier Norled-sjef Inge André Utåker.

Problemet for selskapet er å få nok straum inn på ferja fort nok, slik at dei kan halde rutetida. Selskapet har fått frist til 1. april om å ha tre ferjer i timen.

– Vi skal få det til. Dersom vi ikkje lukkast, risikerer vi trekk i godtgjeringa frå Statens vegvesen. Det vil sjølvsagt vere uheldig, men det skal vi kunne handtere, seier Utåker.