Lastebilførar sendt til sjukehus med luftambulanse

Ein mann i 40-åra er sendt til sjukehus i Førde etter eit trafikkuhell i Nordfjord.

Lastebil velta på Maursetvegen

VELTA: Politiet har oppretta sak etter at ein lastebil med grus velta ved Arnehaugkrysset mellom Hatledal og Maurset.

Foto: Politiet

Politiet opplyser på Twitter at lastebilen køyrde av Maursetvegen, ein sideveg til riksveg 15. Føraren, ein mann i 40-åra, var åleine i bilen.

– Han er ikkje fastklemd, men skal vere skadd. Er vaken, opplyste politiet.

Lastebilen var lasta med grus. Ulukka vart meld klokka 1006. Mannen vart sendt til sjukehus i Førde med luftambulanse.

Operasjonsleiar Stein Rune Halleraker ved Vest politidistrikt seier skadeomfanget førebels er ukjent. Føraren er bevisst og oppegåande.

– Lastebilen ligger på sida, men det er førebels usikkert kva som har skjedd. Føraren er ute av bilen, men klager over smerter i brystet, seier Halleraker.

– Meldar opplyste til politiet at lastebilen la seg ut mot sida av vegen for å sleppe forbi ein møtande bil. Då skal vegen ha gitt noko etter slik at lastebilen velta. Dette er opplysningar politiet ikkje har fått stadfesta, seier Halleraker.

Bilbergar er rekvirert og vegen blir stengd til lastebilen er berga. Politiet opplyser at dei opprettar sak.

MAURSETVEGEN: Politiet melde først at ulukka skjedde på riksveg 15, men ulukka skal ha skjedd på Maursetvegen.