Hopp til innhold

Lastebil utfor vegen i Hornindal

Politiet fekk like over klokka 22 søndag kveld melding om ein lastebil som hadde køyrd av vegen ved Seljesetkrysset i Hornindal. Lastebilen køyrde utfor vegen og stoppa på ei mark nedanfor vegkanten. Bilen skal ha lagt seg over på sida. Sjåføren, ein mann i 70-åra, vart ikkje skadd i uhellet. Lastebilen var lasta med fisk i kassar.