- Det var ikkje noka hyggeleg oppleving. Eg vart litt redd, seier Vikanes.
Vikanes var på veg frå Stryn til Otta med bildelar då uhellet skjedde. Då han kom ut av ein tunnel, vart bilen meir eller mindre blåst av vegen.
- Eg såg det kom noko snøfokk nedover fjellsida, så fekk eg kast på lastebilen og vart meir eller mindre blåst opp i snøfonna.
Berga seg i tunnelen
Vikanes sprang inn att i tunnelen der han var til det kom ein brøytebil forbi som han fekk sitte på med. Lastebilen skal i føremiddag bli dratt ut av snøfonna og sendt til reparasjon.
Vikanes seier han ikkje akkurat gledar seg til neste tur over Stynefjellet.
- Eg må berre prøve, så får eg ta det som det kjem, seier Vikanes. Han stadfestar at dette har sett ein støkk i han.