NRK Meny
Normal

Lastebil og personbil i kollisjon på rv15

Ein mindre lastebil og ein personbil har kollidert på riksveg 15 ved Haugen i Eid. Ein person er teken hand om av ambulansepersonell.

Trafikkulukke ved Haugen i Eid

ULUKKE: Ein personbil og ein lastebil kolliderte i føremiddag på riksveg 15 ved Haugen i Eid.

Foto: Øystein Torheim

Naudetatane har fredag føremiddag rykt ut etter melding om ei trafikkulukke vel seks kilometer vest for Nordfjordeid.

Ein personbil og ein lastebil har kollidert, får NRK opplyst ved Alarmsentralen. Ifølgje politiet var det ein person i kvart av køyretøya.

Føraren av personbilen er teken hand om av helsepersonell og er frakta med ambulanse til legevakta på Nordfjordeid. Skadeomfanget er ikkje kjent.

Politiet opplyser at det var låg sol og kraftig motlys for den eine av førarane då ulukka skjedde. Politiet vil etterforske hendinga.

Meldinga om ulukka kom rundt klokka 9.30. Det har danna seg lange køar på begge sider av ulukkesstaden. Politiet opplyser klokka 10.15 at ein no driv med opprydding.

Laster kart, vennligst vent...
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast