NRK Meny
Normal

Lastebil med sprengstoff velta

Ein lastebil lasta med sprengstoff velta på E39 i Årdal i Jølster i 9.30-tida i dag.

Lastebil velta på E39 i Jølster

PÅ SIDA: Lastebilen la seg på sida utanfor vegbana.

Foto: NRK-tipsar

Artikkelen er flere år gammel.

Politibetjent Agnar Bøyum ved Jølster lensmannskontor stadfestar at dei har fått melding om uhellet.

– Vi har fått beskjed om at det ikkje er fare for at sprengstoffet skal eksplodere, men vi rykker ut for å sjå nærare på det.

(Artikkelen held fram under biletet).

Lastebil med sprengstoff velta på E39 ved Årdal i Jølster

I GRØFTA OG UT: Bilen er lasta med sprengstoff.

Foto: Knut Osvoll

På operasjonssentralen til Sogn og Fjordane politidistrikt får vi opplyst at det var ein person i lastebilen, og at vedkomande skal ha kome seg uskadd ut av bilen.

Det var i alt to tonn sprengstoff på bilen. Det skal no lastast over på ein annan bil som er på veg til Årdal.

Det skal ikkje ha kome nokon bil i mot då uhellet skjedde, bilen har kome for langt utpå kanten og fått høgre framhjulet i grøfta.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Denne helga blir Countryfestivalen på Breim arrangert for 23. år på rad. Men det er ikkje berre musikken som står i sentrum. Det gjeld å kjenna kleskodane og å ha det rette utstyret.
  
Rumlefelt får ned antall alvorlige møteulykker
  
Gondolbana i Loen, basehopparar som gjer seg klar til å hoppe, basehopparar i lufta, go pro bilete frå basehopp, Loen sett frå Hoven, Folk på Hoven, Folk tek bana opp og ned