Hopp til innhold

Lastebil med halm byrja brenne i Stryn

Ingen kom til skade då lasta på ein lastebil tok til å brenne langs RV 15 ved Svarstadsvingane i Stryn onsdag kveld.

Lastebilen som byrja brenne var lasta med høy.

BRANN: Lastebilen som onsdag kveld stod i full fyr ved Svarstadsvingane var lasta med høy.

Foto: Roger Vik

Ettersløkkinga held framleis på, men lastebilbrannen i Svarstadsvingane er under kontroll. Det fortel operasjonsleiar i politiet, Kai Henning Myklebust, til NRK. Naudetatane vart varsla om brannen rett etter klokka 20:30 onsdag kveld.

Tilhengaren til lastebilen var lasta med halm, men brannårsaka er foreløpig ukjend.

Manuell dirigering

Lastebilen stod i full fyr då naudetatane kom til staden, brannen er no under kontroll og det går føre seg ettersløkking. Det ikkje er snakk om personskadar.

Klokka 22:08 melder politiet på Twitter at dei er i gang med manuell dirigering på staden for å sleppe fram køen på begge sider, men det er foreløpig uklart når vegen vil opne for normal ferdsel.

Lastebilen stod i full fyr.

FULL FYR: Lastebilen stod i full fyr då naudetatane kom til staden.

Foto: Roger Vik