NRK Meny
Normal

Samuel blei vitne til at bossbilen raste utfor vegen

HORNINDAL (NRK): Samuel Lien såg bossbilen skli fortare og fortare ned over den speglglatte vegen før den nærmas seg stupet.

Trafikkulukke i Lidavegen, Hornindal

VELTA: Lastebilen står i fare for å rase utfor eit stup etter ulukka i Hornindal.

Foto: Privatfoto

– Eg sat ved vindauga og såg at bossbilen glei bakover og farten blei større og større. Eg reiste meg opp og såg at den låg nedpå kanten, fortel Samuel Lien.

Han fortel at det var ei dårleg oppleving å sjå ulukka. Sjåføren av bilen kom springande opp til huset til Samuel og saman såg dei at medhjelparen på bilen låg fastklemt.

– Men bilen låg så stygt til at det var nesten umogleg å gå ned. Bilen låg på vippen til å rase vidare nedover. Brannvesenet kom ganske raskt til staden, fortel Samuel.

Samuel Lien blei vitne til ulukke

SÅG ULUKKA: Samuel Lien sat ved vindauga og såg bossbilen sigle nedover den glatte vegen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Klokka 11.30 meldte politiet at begge dei to involverte i ulukka kom uskadde frå hendinga.

– Vi fekk melding klokka 0950 om at ein lastebilbil har køyrt av vegen på Lidavegen i Hornindal, fortel Terje Magnussen ved politiet sin operasjonssentral.

– Meldinga gjekk på at ein lastebil låg halvvegs kvelva utfor vegen, og at det var fare for at den kan skli ut forbi eit stup eller ei bratt skråning, seier Magnussen.

Rundt klokka 1030 var både politi og brannvesen på staden, og førebudde sikring av lastebilen ved hjelp av ein traktor. Det skal vere tale om eit veldig krevjande arbeid, fordi lastebilen står så vanskeleg til. Klokka 13 var lastebilen sikra.

Svært glatt på vegen

Ulukka har skjedd 3,5 kilometer frå Grodås, og politiet sperrar no vegen opp til der ulukka har skjedd.

NRK har prata med andre som har køyrt vegen i dag, og dei fortel at det var svært glatt.

Det er selskapet Nordfjord miljøverk (Nomil) sin bossbil. Inge Bernt Arnestad er dagleg leiar i Nomil.

– Det var ikkje noko moro beskjed å få i dag. Det viktige er at det går bra med dei to som var i bilen, og det har vi no fått beskjed om at det gjer, seier Arnestad.

Laster kart, vennligst vent...

KVELVA: Ein lastebil har kvelva på den glatte vegen.