NRK Meny
Normal

Lastebil i trafikkulukke på rv. 5

Naudetatane måtte ta i bruk stige for å få ut føraren etter at ein lastebil køyrde i fjellveggen.

Lastebil

ERDAL: Bilbergar måtte få lastebilen på vegen igjen.

Foto: NRK-TIPSAR

– Første melding gjekk ut på at føraren var fastklemt, men dette stemte ikkje. Lastebilen hadde velta over på sida, og det var vanskeleg å få føraren ut av køyretøyet, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Hans-Eirik Thue.

Det var like over midnatt ein lastebil køyrde i fjellveggen ved Erdal på rv. 5 mellom Førde og Florø.

– Vi måtte bruke stige for å komme oss inn til føraren, seier Thue.

Føraren er lettare skadd og blei sendt til sjukehus for kontroll.

– Det var glatt på staden og Vegtrafikksentralen måtte sende ut strøbil, seier Thue.

Politiet vil etterforske saka vidare.

Laster Twitter-innhold