Hopp til innhold

Lastebil i grøfta

Ein lastebil sperrer vegen for større køyretøy på fylkesveg 609 i Stongfjorden i Askvoll. Lastebilen står halvvegs ute i grøfta og kjem ingen veg. Den smale vegen gjer at det berre er personbilar som kan passere, melder NRK-tipsar. Vegtrafikksentralen Vest fortel at bilberging er bestilt.

Lastebil i grøfta
Foto: NRK-tipsar