Hopp til innhold

Sjåfør berga seg ut frå brennande lastebil

Ein lastebil byrja å brenne ved Tusviktunnelen mellom Høyanger og Balestrand onsdag kveld. Sjåføren klarte å berge seg ut av den brennande bilen.

Bilbrann Tussvik

TOK FYR I FART: Sjåføren klarte å kome seg ut av den brennande lastebilen.

Foto: NRK-tipsar

– Vi har fått opplyst at det ikkje er snakk om personskade. Brannvesenet er på staden, sa Kjetil Drange ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK ved 19.45-tida onsdag kveld.

Ved alarmsentralen i Florø får NRK opplyst at brannfolk både frå Balestrand og Høyanger rykte ut til bilbrannen.

Lastebilen tok fyr på Balestrand-sida av Tussviktunnelen, om lag midtvegs mellom Balestrand og Høyanger.

– Det såg veldig dramatisk ut, opplyser augevitne til NRK.

Klokka 20.45 melder politiet at brannen er sløkt og at trafikken blir dirigert forbi den utbrente lastebilen. Bilvraket vil bli fjerna i løpet av kvelden.

– Brannen oppstod under køyring, men noko årsak til brannen veit vi enno ikkje, opplyser politiet.

tussviktunnelen