Lastebil har køyrt utfor – dieselsøl i vegen

Ein lastebil har køyrt av vegen på fylkesveg 55 ved Fardal i Sogndal.

Lastebil utfor vegen

HAMNA I GRØFTA: Vegen er stengd under bilberginga.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Naudetatane har rykt ut til staden. Det er framleis uavklart om føraren har kome uskadd frå uhellet. Det skal ikkje ha vore andre køyretøy involvert.

– Det er betydeleg dieselsøl på staden. Det er førebels uvisst om dieselen kjem frå sjølve bilen, eller om den er lasta med drivstoff, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen til NRK like etter klokka 8.

Like før halv ni melder politiet på Twitter at sølet kjem frå drivstofftanken på lastebilen.

Erik Skjerdal

INNSATSLEIAREN: Erik Skjerdal seier det ikkje er fare for meir dieselsøl.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Innsatsleiar Erik Skjerdal seier lastebilen har kome utfor asfaltkanten og følgt grøfta eit stykke.

– Det har leke ut om lag 60 liter diesel og noko hydraulikkolje. Eg vurderer det ikkje som noko risiko at meir skal lekke ut, seier Skjerdal.

Vegen var stengd medan bilberginga pågjekk. Lastebilen er no oppe av grøfta, men det har vore manuell dirigering på staden.

Klokka 10:55 melder politiet at vegen er open for fri ferdsel.

Laster Twitter-innhold
Lastebil utfor vegen

UTFOR VEGEN: Lastebilen har følgt grøfta eit stykke før den stoppa.

Foto: Noralv Pedersen / NRK
Lastebil utfor vegen

SØL I VEGEN: Brannvesenet er på plass, saman med bilberging og politi.

Foto: Noralv Pedersen / NRK
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.