Hopp til innhold

Sjåføren slapp frå det med skrekken

Ein 17 tonn tung lastebil hamna i Jølstravatnet i samband med arbeidet på E39 mellom Skei og Førde fredag føremiddag.

Kom uskadd frå uhellet

VIDEO: Uhellet skjedde under arbeid med å fylle ut masser i vatnet i samband med bygging av ny E39. Foto/redigering: Tone Lin Støfring Skorvo/Brit Jorunn Svanes

– Føraren kom seg ut av bilen på eiga hand og det står godt til med han. Det er ikkje snakk om personskade, og han er teken godt vare på, seier prosjektleiar Svein Reidar Dale i Statens vegvesen.

– Dramatisk for sjåføren

Uhellet skjedde ved Juklestad mellom Årdal og Skei under arbeid med å fylle ut masser i vatnet i samband med bygging av ny E39.

– Det ser ut som at massen som ligg der har gitt etter når bilen tippa eit nytt lass. Karmen var oppe og så gav det etter. Bilen seig dermed ut i vatnet.

– Kor dramatisk var dette?

– Det er jo ei dramatisk oppleving, spesielt for føraren. Men heldigvis kom ikkje førarhuset under vatn, så etter forholda står det bra til.

Det er brådjupt i vatnet der uhellet skjedde, og Dale vedgår at sjåføraren har vore heldig. Han kom seg ut av lastebilen med eiga hjelp.

Ulukke

UNDER VATN: Føraren kom seg ut av bilen på eiga hand og det står godt til med han.

Foto: TONE LIN STØFRING SKOVRO / NRK

Vegarbeidet er stoppa

Lastebil hamna i Jølstravatnet

BERGING: Her blir lastebilen dregen opp frå Jølstravatnet.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

No blir arbeidet med fyllinga mellombels stoppa.

– Vi må kartleggje korleis vi skal handtere saka vidare når det gjeld tryggleiken.

To bergingsbilar er no på staden for å dra bilen opp av vatnet. I tillegg er det ein båt på vatnet som hjelper til med sikringa. Ei utfordring vert få justert karmen tilbake mot normal stilling før dei kan dra bilen opp av vatnet.

E39 er stengd

Vegen var stengd ein periode etter uhellet, men er no open for manuell dirigering. Arbeidet med bilberginga vil truleg pågå til kl 14:30.

– Bilistane må nok rekne med litt ekstra venting i samband med berginga, seier Dale.

Ulukke

HAR STOPPA ARBEIDET: – Vi må kartleggje korleis vi skal handtere saka vidare, seier Svein Reidar Dale i Statens vegvesen.

Foto: TONE LIN STØFRING SKOVRO / NRK