Hopp til innhold

Lastebil fekk sleng - hengaren smadra møtande personbil

Ein lastebil med hengar fekk sleng på E39 ved Kringla på fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Hordaland like før klokka 16.30. Hengaren skal ha smadra fronten på ein møtande personbil.

Ulykke ved Kringla på E39

GLATT: Fleire innringjarar har meldt om svært glatt veg på E39 ved Kringla, på fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Hordaland.

Foto: Gøril Sætre / NRK

– Vi har førebels ikkje heilt oversikt, men så vidt vi veit skal lastebilen ha fått sleng på det glatte føret. Hengaren på lastebilen skal ha treft ein bil som kom køyrande i motsett retning, opplyser operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt, Kjersti Eidsnes.

Så vidt politiet kjenner til, skal mannen som var i personbilen, ha komme frå det utan skadar.

– Men bilen skal ha fått store skadar i fronten, og airbaggane skal ha løyst seg ut, seier Eidsnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bilvrak

DATT AV: Eit bilvrak ramla av hengaren og vart liggjande i vegen.

Foto: Gøril Sætre / NRK

Var lasta med bilvrak

Lastebilen som fekk sleng, skal ha mista lasta si, slik at denne vart liggjande i vegbana.

– Så vidt vi veit er det snakk om eitt bilvrak. Men det er ikkje klart om dette datt av hengaren før eller etter han trefte personbilen, seier Eidsnes.

Politiet fekk melding om ulykka like før klokka 16.30, og politi og ambulanse vart sende til staden. Ulykkesstaden er om lag 15 kilometer sør for ferjeleiet Oppedal.

– Det skal vere svært glatt på strekninga, seier Eidsnes, som ber køyrande ta det med ro.

Ulukke ved Kringla