Konserten med det landskjende dansebandet i Naustdalshallen fredag kveld vart ein stor fiasko.
For 500 kroner lokka arrangøren med konsert, mat og drikke. Men dei knapt 20 som hadde møtt fram fekk lite valuta for pengane, skriv avisa Firda.
- Har aldri opplevd liknande
Etter over 40 år i bransjen har "Ole Ivars" aldri vore borti noko liknande som dei opplevde i Naustdal fredag.
- Normalt sett hadde vi blitt sinte og ergerlege, men no er vi berre oppgitt, seier William Kristoffersen i bandet.
Ingen bord eller stolar
Då bandet kom til Naustdalshallen møtte dei først låste dører. Då dei omsider kom seg inn i bygningen, såg hallen i staden ut til å vere klargjort til handballkamp.Verken bord eller stolar var sette ut og den lova berehjelpa såg dei heller ingenting til.
Kristoffersen fortel at mange ting skurra med arrangementet i Naustdal. Ikkje ein gong romma på motellet, der bandet skulle bu var klare, og ikkje fekk dei mat heller.
- Ingen verka til å vere klar over at vi i det heile tatt kom, seier han.
Skuffa på bygda sine vegner
Også dei få frammøtte var misnøgde. Erna Jensesen Hove hadde reist heilt frå Bergen for å få med seg konserten.
- Vi hadde gledd oss veldig og såg fram til at Ole Ivars skulle kome til bygda. No er eg berre skjemd på Naustdal sine vegner, seier Jenssen Hove til Firda.
Putta pengane i plastpose
Då dei kom fram til danselokalet vart dei viste til kantina på skulen. Billettane dei fekk i handa var av typen papirlodd og pengane dei gav arrangør Olvar Engebø putta han i ein stor plastpose, før han spurde dei frammøtte om dei ville ha mat. På menyen stod rundstykke utan pålegg og eit eple til kvar av gjestene. Til drikke vart det servert flaskevatn.
Men vonbrotet stoppa ikkje her. For sjølv om "Ole Ivars" hadde rigga opp til konsert i Naustdalshallen, vart konserten avlyst fordi det var for få folk.
- Bandet såg heilt fortvila og sjokka ut, fortel Jenssen Hove, som kom saman med mor si og sonen.
Trugar med politiet
Sistnemnde trugar med å politimelde arrangøren om han ikkje får igjen billettpengane.
- Eg kjenner meg rett og slett svindla.
Festkvelden enda med at "Ole Ivars" pakka saman, men før dei reiste delte dei ut gratis CD-ar som eit plaster på såret til dei frammøtte.
- Dyre billettar
William Kristoffersen fortel at dei avlyste konserten fordi dei ikkje rekna med få betalt for jobben, i tillegg var kommunikasjonen med arrangøren vanskeleg.
- Eg var heller ikkje klar over at det var snakk om ein billettpris på 500 kroner. Det er ingen som går på dans og betalar så mykje, seier den erfarne musikaren.
Vedgår fiaskoen
Også arrangør Olvar Engebø frå Naustdal vedgår at arrangementet vart ein fiasko. Han skuldar på få frammøtte og at arrangøren kom i tidsnaud når det galdt klargjering av hallen.
Engebø avviser påstandane frå "Ole Ivars" om at arrangementetkomiteen skulle ha trekt seg same dag. Han kallar dette for ei mistyding, men vil ikkje ut med namn på medlemmene i komiteen.