Hopp til innhold

Lasta ned overgrepsbilete i 14 år

Ti år med nedlasting av overgrepsbilete og videoar gir store mengder. No er sogningen i 20-åra dømd til fengsel i ti månader.

Sogningen la alle korta på bordet då politiet kom på døra og fann ulovlege videoar og bilete i hopetal på datamaskina hans.

I løpet 2006 til 2016 lasta mannen ned 35.592 bilete og 1.991 videoar, eller 295 timar speletid, som skildrar seksuelle overgrep, eller som seksualiserer born under 18 år.

Materialet fann han på eit nedlastingsprogram, sokalla «peer-to-peer-klient». Han nytta også klienten Tor, som er forkorting for «The Onion Network».

Denne spesielle nettlesaren gjer det mogleg for aktørane å operere heilt anonymt på Internett. Det er ein del av det mørke nettet, som politiet via mykje merksemd under opprullinga av «Dark Room» .

På maskina til mannen fann politiet hovudsakleg bilete og videoar av overgrep mot mellom fire og tolv år. Ein del materiale viste også overgrep mot born under to år. Retten skildra ein del av overgrepa som «særskilt fornedrande og støytande».

Mannen fortalde i retten at han ikkje var særskilt interessert i det mest ekstreme materialet, men erkjende å ha sett raskt gjennom delar av dette. Han sa også at han byrja å laste ned overgrepsbilete for kring 14 år sidan, lenge før han sjølv nådde den seksuelle lågalder.

Sogningen har ikkje medverka til produksjon av overgrepsmateriale, og har heller ikkje sjølv lasta opp slikt materiale.

I straffutmålinga såg Sogn og Fjordane tingrett formildande på at mannen har tilstått og samarbeidd med politiet. Retten tok også omsyn til at det to sju månader frå saka var ferdig etterforska, til politiet sende den til retten.

Til frådrag i fengselsstraffa på ti månader kjem to dagar varetektsfengsling. Det offentlege tek også beslag i tre datamaskiner som mannen lagra filene på.