Hopp til innhold

Jakob Sande hadde nær gløymt diktet som bergensaren gjorde til folkeeige

I dag er «Det lyser i stille grender» ein av våre julemusikalske skattar. Men det gjekk mange år frå Jakob Sande skreiv diktet, til ein komponist sette tone til teksten.

Jakob Sande og Lars Søraas d.y

SKREIV MELODIEN: Lars Søraas d.y. (t.h) meinte at diktet til Jakob Sande trengde ein ny melodi. Det er den same melodien vi syng i dag.

Foto: NRK / NTB Scanpix

Vi må skru tida heilt tilbake til sommaren 1931. Den unge diktaren Jakob Sande er heime i Dale og har fått ei tinging på å skrive eit dikt til «Jol i Sunnfjord». Diktet blir heitande «Jolekveld».

Jakob Sande si karriere som forfattar og diktar er i ferd med å ta av. Diktsamlinga «Svarte næter» frå 1929 må ta skulda for det. «Jolekveld» frå 1931 ser han ikkje på som eit av sine litterære meisterverk.

Men andre såg verdien i julediktet. Først var det læraren Lars Stubhaug frå Vevring som sette tone til diktet, men først i 1948 vart det verkeleg fart på sakene.

Songpedagogen og korentusiasten Lars Søraas d.y. frå Bergen set sjølv tone til diktet. Dermed er «Det lyser i stille grender» eit faktum. Songen og diktet blir publisert i «Songbok for skule og heim».

Barnekor frå Førde syng "Det lyser i stille grender"

JULESTEMNING: Førde kykje sitt jentekor syng «Det lyser i stille grender» i samband med opptak til Vestlandsrevyen no rett før jul i 2014. Foto / redigering: Steinar Lote / Heidi Lise Bakke

Som åra gjekk vart songen ein stadig viktigare del av julesongtradisjonen, men først på 1980-talet vart den verkeleg folkeeige då Sissel Kyrkjebø hadde den med på si juleplate «Glade jul» i 1987. Den plata er framleis tidenes mest selde norske album, med over 600.000 selde eksemplar.

I utgangspunktet var det fem vers på diktet «Jolekveld». Sande tykte sjølv at det femte verset var for dårleg, og strauk det. « ... barnet, Guds son og sonar/som myrkret for evig batt», står det i verset. Ein kan ikkje binde mørket, meinte Sande. Det blei også endra frå «myrkret» til «døden», og alle fem versa står no i Norsk Salmebok.

Det lyser i stille grender

av tindrande ljos i kveld.
og tusende barnehender
mot himmelen ljosa held.

Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall
som kom og vart heimsens Frelsar
som barn i ein vesal stall.

Der låg han med høy til pute
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.

Der song dei for fyrste gongen
ved natt over Davids by
den evige himmelsongen,
som alltid er ung og ny.

Den songen som atter tonar
med jubel kvar julenatt
om barnet, Guds son, vår sonar
som døden for evig batt.

Tekst: Jakob Sande Melodi: Lars Søraas d.y.