Hopp til innhold

Lars Fredrik Tvinde til Koll

Lars Fredrik Tvinde har signert for klubben Koll i Oslo, og har med det spelt sin siste kamp for Førde Volleyballklubb. Det melder klubben sjølv på si Facebook-side. – Lars har gjennom ei rekke år vore viktig for volleyballen i Førde, både på og utanfor bana, heiter det frå klubben, som ønskjer Tvinde lukke til vidare i Oslo.

Lars Fredrik Tvinde
Foto: Oddleif Løset / NRK