NRK Meny
Normal

Dalsfjordbrua: Langt færre enn venta køyrer brua

Eitt år etter at Dalsfjordbrua stod ferdig, køyrer 20 prosent færre brua enn det som var venta. Ordførar Arve Helle i Fjaler er likevel godt fornøgd med tala.

Dalsfjordbrua

LANGT FÆRRE ENN VENTA: Trass i at 20 prosent færre enn venta køyrer brua, så merkar næringslivet og butikkane i området godt auka trafikk.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Eitt år etter at sambandet stod ferdig viser nye tal at like over 600 bilar køyrer over brua kvart døgn i 2014. Det er rundt 20 prosent under prognosane som påstod at 750 bilar ville køyre over brua i løpet av døgnet.

Ordførarane i Fjaler og Askvoll er likevel nøgde med trafikkmengda.

– Eg er veldig godt fornøgd med det talet. Det byggjer under påstandane våre om at dette kom til å bli eit godt trafikkert og mykje nytta samband, seier ordførar i Fjaler, Arve Helle.

Bru etter 40-års kamp

For eitt år sidan opna Dalsfjordsambandet mellom Askvoll og Fjaler kommunar, med bru over Dalsfjorden som vesentleg kortar reiseavstandane i regionen. Det skjedde etter ein lang og brokete kamp som varte i nesten 40 år. Total prislapp: 1,2 milliardar.

Prognosane var 750 bilar i snitt kvart døgn. Det offisielle talet i 2014 ser ifølgje Statens vegvesen ut til å bli 604 bilar. Rundt 20 prosent mindre. Målet er ikkje nådd, vedgår Arve Helle.

– Ikkje første året. Men det er vel også frå vegvesenet si side sagt at ein må rekne 2 – 5 år før ein har fått innarbeidd eit nyt køyremønster. Og der føler eg vi ligg godt an.

Meiner næringslivet tener på brua

Godt an, ligg dei også når det gjeld målet om vekst for lokale verksemder, seier Helle.

– Næringslivet og butikkane på begge sider av fjorden både i Askvoll og Dale melder om gode tal. Dei har fått større kundegrunnlag. Dei har hatt alt frå 15 – 70 prosent auke etter det vi har høyrt, seier Helle.

Ei anna viktig målsetting med sambandet var vekst i folketal. Ifølgje SSB har Askvoll sitt folketal har gått ned med 19 innbyggjarar sidan 1. januar.

Gler seg over folketalsauke

Askvoll-ordførar Firda Melvær (H) gler seg likevel over tilflyttarar.

– Det er veldig positiv vekst i unge barnefamiliar som kjem heim. Om ikkje Dalsfjordbrua er heile årsaka så er det i alle fall ein del av den. Når det gjeld alderssamansetjinga så er det veldig utfordrande med eit stort talet på eldre.

Fjaler har 13 færre innbyggjarar enn 1. januar.

– Eg trur det går lengre tid før vi ser resultatet. Dette er eit langsiktig prosjekt som eg trur vi ser om ein rundt fem år så kan vi felle dommen då, enten den er positiv eller negativ.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.