Hopp til innhold

Lar utskrivne pasientar ligge på sjukehuset

Gloppen må punge ut med hundretusenvis av kroner fordi dei ikkje maktar å ta imot pasientar frå sjukehus.

Sjukehusseng

108 GLOPPARAR: Av 227 ekstra liggedøgn for pasientar som eigentleg var utskrivingsklare, var 108 av desse glopparar.

Foto: Astrid Gjelsvik / NRK

– Vi har sett at Gloppen har slite i periodar meir enn andre kommunar, seier fagdirektør i Helse Førde, Kristine Longfellow.

I fjor hadde Helse Førde 227 ekstra liggedøgn for pasientar som eigentleg var utskrivingsklare. 108 av desse var glopparar som blei liggande på sjukehuset fordi kommunen ikkje var i stand til å ta dei imot. Tal viser at Gloppen ikkje er stort betre i år, og ligg skyhøgt over dei andre kommunane i fylket med 63 liggedøgn til no i 2017.

Longfellow synest det er synd at pasientane må gå så lenge utan å kome seg heim igjen.

– Når vi skriv ut ein pasient, vil vi gjerne at kommunen skal vere i stand til å ta dei imot når dei er ferdig behandla, seier ho.

Kostar kommunen dyrt

Kvart ekstra liggedøgn kostar kommunen 4000 kroner. Helse- og omsorgssjef i Gloppen, Anita Lothe, legg ikkje skjul på at dette er ei stor utgift for kommunen.

– Det viktigaste er at pasientane får forsvarlege tenester der dei er og at dei er ein plass dei er trygge og har det bra. Men ja, det er ei utgift for kommunen, seier ho.

Lote meiner mange av dei ekstra liggedøgna for glopparar skuldast uflaks.

– Når det har vore fullt på korttidsavdelingar har det vore mange utskrivingsklare pasientar, og omvendt. Så vi har vore litt uheldige i periodar, seier Lote.

Anita Lothe

REIN UFLAKS: Helse- og omsorgssjef i Gloppen, Anita Lothe, meiner mange av dei ekstra liggedøgna for glopparar er rein uflaks.

Foto: Silje Guddal / NRK

Dei er i gang med å bygge 20 nye heildøgsbemanna omsorgsbustader, men dei vil ikkje stå klare før tidlegast 2020.

– Det er vanskeleg å svare på om ting blir betre før desse er på plass, seier Anita Lothe.

Gloppen på topp

Her ser du oversikta over talet på liggedøgn for utskrivingsklare pasientar rundt om i fylket i fjor og i år:

Liggedøgn i Sogn og Fjordane

2016

2017

Sogn og Fjordane

227

131

Gloppen

108

63

Vågsøy

62

21

Naustdal

27

11

Hyllestad

0

8

Eid

12

6

Leikanger

1

4

Sogndal

1

3

Jølster

2

3

Flora

0

3

Hornindal

0

2

Stryn

1

2

Aurland

9

1

Årdal

0

1

Luster

0

1

Gaular

0

1

Selje

1

1

Gulen

0

0

Solund

2

0

Høyanger

0

0

Vik

0

0

Balestrand

0

0

Lærdal

0

0

Askvoll

0

0

Fjaler

1

0

Førde

0

0

Solund

2

0

Ekspander/minimer faktaboks