Hopp til innhold

Lappeteppet med stemmer frå Sogn og Fjordane

Måndag 4. september var det premiere på ein splitter ny serie på NRK Super!

Ane Fitje Woxen, Wilhelm Støylen og Maria Sægrov

DUBBAR PÅ NYNORSK: Ane Fitje Woxen, Wilhelm Støylen og Maria Sægrov.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Lappeteppet, heiter den, og er omsett og dubba av NRK Sogn og Fjordane!

– Det har vore veldig gøy, og det har vore veldig spesielt for eg har ikkje gjort det før, seier Maria Sægrov (10) frå Vassenden i Jølster, som har forteljarstemma i serien.

I serien blir vi kjende med lappeteppevennene, ein gjeng med ulike dyr, som kjem i trøbbel, men som alltid får hjelp av vennene på teppet. Serien er på 27 episodar og har sin eigen song og den er det 10 år gamle Ane Fitje Woxen frå Sandane som syng. Ho syntest det var litt rart å høyre stemma si på fjernsyn.

– Eg viste episoden for dei andre i klassen min i dag og då var det litt pinleg på ein måte å høyre si eiga stemme, ler Ane.

Men litt kjekt og kanskje?

– Ja, det var litt kjekt og.

Når ein dubbar så omset ein frå eit anna språk til sitt eige, og det var ganske mykje jobb.

– Eg trur eg brukte tre timar på seks linjer på den songen, fortel Ane.

Her kan du sjå serien.

Maria Sægrov, Wilhelm Støylen og Ane Fitje Woxen

IKKJE BERRE JOBB: Innimellom har det også vore tid til litt leik og morro, sjølv om det er mykje jobb med dubbing.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Dubbing på nynorsk

Ved lokalkontoret til NRK i Førde er det også dubba ein serie tidlegare

– Det var på ein måte ein prøve på om vi kunne dubbe på nynorsk. Det klarte vi så bra NRK Super bestemte seg for å gi oss ein heil serie, fortel Wilhelm Støylen, som har vore instruktør og saman med Noralv Pedersen stått for omsetjinga av serien.

Serien heiter altså Lappeteppet, og i mange veker har Maria vore innom NRK studioet i Førde for å spele inn nye episodar. Av og til har det vore litt vanskeleg å få setningane til.

– Det er nokre setningar vi må ta om igjen nokre gonger, seier Maria.

Begge jentene er i alle fall sikre på ein ting, dei skal sjå serien, sjølv om dei har jobba med den.

– Eg skal i alle fall sjå den, for eg har ikkje sett alle episodane for dei brukte songen om igjen, seier Ane.