Hopp til innhold

Lappen kan ryke med frosne vindauge

Det løner seg å ta seg tid til å skrape frontruta. Det fekk ein bileigar i Førde erfare torsdag morgon.

Frost på bilrute

– SKRAP IS: Bilrutene skal vere frie for is og dogg, er den klare ordren frå politiet. Illustrasjonsfoto

Foto: larsklfem/flickr.com

Kulden har igjen inntatt fylket og nattefrosten litt tjukk over bilparken.

Då politiet heldt kontroll i Førde torsdag morgon, vart ein bilførar stoppa med nedisa bil. Og ei lita glugge å sjå gjennom, vart kostbart.

– Føraren fekk eit forenkla førelegg på 2000 kroner, opplyser operasjonsleiaren ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet ber folk innstendig om å ta seg tid til å skrape is av vindauga.

– Bilrutene skal vere fri for is og dogg før ein startar køyringa. Dersom forholdet er alfor graverande vert førarkortet kverrsett på staden.

Til saman 25 køyrety vart sjekka i kontrollen. Éin bilførar fekk pålegg grunna feil på lys.